Utsiktsrydding

Millionar til utsiktsrydding i Hordaland

Landbruks- og matdepartementet har fastsett forskrift om tilskot til utsiktsrydding i landbruket sitt kulturlandskap.

20 millionar kroner er sett av til utsiktsrydding i fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Områda som skal ryddast må vere av verdfull karakter for landbruket og reiselivet. Rydding av skog og vegetasjon skal gje auka utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt. Søkjer av tilskot kan anten vere ein privat eller offentleg aktør, og registrert som føretak i Einingsregisteret. Sjå HER for meir informasjon.