Noregs lover

Meddommarar

Tysnes kommunestyre skal i møte 16. juni 2016 velja meddommarar til Gulating lagmannsrett, til Sunnhordland tingrett og til Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett. Meddommarane skal veljast for perioden 01.01.17 – 31.12.20.

Det skal veljast 4 meddommarar til lagmannsretten, 8 til tingretten og 10 til jordskifteretten. Det skal vera like mange kvinner og menn i kvart av utvala.

Valnemnda har førebudd dei aktuelle vala og gjort sine framlegg til kommunestyret. – Framlegga frå valnemnda er i samsvar med domstollova § 68 utlagde til offentleg ettersyn på rådhuset. Eventuelle merknader til framlegga må meldast til kommunen innan måndag 13. juni 2016, anten på e-post; post@tysnes.kommune.no eller pr. brev til Tysnes kommune, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal.