Noregs lover

Meddommarar

Tysnes kommunestyre skal i junimøtet i år velja meddommarar til Gulating lagmannsrett, til Sunnhordland tingrett og til Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett. Meddommarane skal veljast for perioden 01.01.17 – 31.12.20.

Tysnes kommune skal velja totalt 4 meddommarar til lagmannsretten, 8 til tingretten og 10 til jordskifteretten. Det skal vera like mange kvinner og menn i kvart av utvala.

Det er valnemnda i kommunen som gjer framlegg til kommunestyret om kven som til slutt skal veljast. Men før nemnda gjev sine framlegg, føreskriv domstollova § 67 blant anna følgjande:

«Kommunen skal oppfordre allmennheten til å foreslå kandidater til valget.»

Meddommarar er vanlege kvinner og menn som er med å ta avgjerder i rettssaker. Meddommarar vert også kalla lekdommarar.

Ein meddommar kan i snitt rekna med å gjera teneste eit par gonger i året. Dei fleste rettssakene varer frå 1 – 3 dagar. Etter vårt rettssystem er vervet som meddommar ei samfunn-/borgarplikt. Til vanleg får ein fri frå jobb for å utføra vervet. Dersom ein får tap i arbeidsinntekt, vert det gjeve erstatning for det.

Domstollova set blant anna desse krava for å verta valt til meddommar i Tysnes kommune:

  • Folkeregisterført i Tysnes kommune.
  • Over 21 år og under 70 år ved valperioden sin oppstart.
  • Snakkar og forstår norsk.
  • Norsk statsborgar eller borgar av eit anna nordisk land, eller har stått innført i folkeregisteret som busett her i landet dei 3 siste åra før kommunestyret vel utvala i møte 16. juni 2016.

Domstollova seier vidare at utvala skal ha ei allsidig samansetjing slik at dei best mogleg representerer alle delar av innbyggjarane i vedkomande valsokn/kommune.

Dersom du ønskjer å verta meddommar i Tysnes for perioden 2017 – 2020, kan du senda ein e-post til Tysnes kommune, post@tysnes.kommune.no eller senda eit brev til Tysnes kommune, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal innan fredag 6. mai 2016. Du må oppgje fullt namn, adresse, fødselsdato, telefonnummer, yrke og stilling. Du vil verta tilskriven frå kommunen dersom du vert valt.

For meir informasjon: www.domstol.no/lekdommer.

Rådmannen