Lunde barnehage- midt i Lunde "sentrum"

Me har etterkvart etablert ein, i Tysnesisk målestokk" stor barnehage i Lunde. Barnehageåret 2021/2022 har me totalt 68 plassar til barn mellom 1 og 6 år. I talet er det 50 barn og 11 vaksne, pluss styrar, og lærling Barna er fordelt på tre avdelingar, Sønnavind 1-2 år, Nordavind 3-4 år og Vestavind 5-6 år

Arbeidet vårt er forankra i Barnehagelova og Rammeplan for barnehage, med fokus på dei sju fagområda, livsmestring, leik, læring, omsorg og danning. I tillegg til dette har Tysnesbarnehagane felles planar for bl.a. språkutvikling, sosial kompetanse og fysisk aktivitet.

Me har også felles visjon: Glade vaksne- glade barn.I denne visjonen ligg det ein del underpunkt som skal sikre barna gode opplevingar i kvardagen, både i møte med barnehagen og i aktivitetane. 

Me ynskjer stadig å utvikle oss, og no rettar me fokus imot COS (cirkle of securety), på norsk Trygghetssikelen. Dette er i utgongspunktet eit "foreldrerettleiingsprogram", og me ynskjer å auke kompetansen innan denne tenkninga, slik at me i enda større grad kan sikre barna trygg tilknytning i alle situasjonar og overganger i barnehage.

SU - representanter i Lunde barnehage:

  • Nordavind:  Tonje Øyjordsbakken og Renathe Hagen-Lunde (vara)
  • Sønnavind: Lovise Dalland og Malin Hagen-Lunde (vara)
  • Vestavind: Yvonne Kongsvik og Oddrun Gravdal (vara) 
  • Personal: Ingvill Christensen og Liv Bodil Tufta

Lurer du på barnehageplass i Tysnes kommune? Søknadskema ligg i høgremenyen under skjema.