Våge

LivOGlyst lokalsamfunnsutvikling

Har du lyst å utvikle noko i lokalsamfunnet, men veit ikkje heilt kva det skal vera? Då kan LivOGlyst-programmet frå Vestland fylkeskommune kanskje vere noko for deg?

Programmet er for lag og organisasjonar som ønskjer å utvikle tiltak i bygder og lokalsamfunn som styrker samhald, lokal identitet, næringsliv og bulyst.

Det fyrste året er formålet å kartleggje behov og involvere heile lokalsamfunnet i kva for prosjekt som kan vera aktuelle for akkurat di bygd. Dei neste tre årene skal prosjektet setjas ut i livet. Det følgjer med rettleiing, kurs, pengar og høve til å skapa seg nettverk når ein deltek i programmet. 

Det er ønskjeleg at kommunen er ein aktiv støttespelar. 

Søknadsfrist for 2021 er sett til 25. oktober 2020.

Det skal vere konferanse i Bergen 29. september, der dei som er interessert i å søkje kan delta.

LivOGlyst-konferansen 2020.

LivOGlyst-programmet hos Vestland fylkeskommune.

 

Ta gjerne kontakt for meir informasjon:

Ingeborg Sofie Sætrevik
Prosjektleiar LivOGlyst
Vestland fylkeskommune
977 06 571
ingeborg.sofie.saetrevik@vlfk.no 

Synnøve Bakke
Kulturkonsulent
Tysnes kommune
977 48 005
synnove.bakke@tysnes.kommune.no