Vågsmarka barnehage ligg i Vågsmarka boligfelt i Våge. Det er ein barnehage med to avdelingar, Askeladden og Veslefrikk, med inntil 42 plassar.

Barnehagen vert drifta i samsvar med 

·       Lov om barnehagar 

·       Rammeplan for barnehagen

·       Vedtekter for Tysnes kommune sine barnehagar 

·       Årsplan for barnehagane

Me vaksne i barnehagen er glade i rutinar, struktur og orden. Me trur også at gode rutinar og struktur skaper trygge barn. Derfor har me ein fast rytme for dagen. Kvar føremiddag har me aldersinndelte grupper, Ugler, Hakkespetter og Blåmeisar. Her har me mange kjekke  aktivitetar, og me ser at barna kosar seg. Me ser at det også er bra for personalet å jobbe på tvers av avdelingane, og alle i personalet blir kjent med alle barna i barnehagen.

Barnehagen har eit samarbeidsutval som består av 2 representantar for dei tilsette, to frå foreldra, ein frå kommunen og styrar.  

“Samarbeidsutvalget skal være et rådgivende, kontkaktskapende og samordnene organ” (Rammeplanen). Samarbeidstvalet skal få førelagt saker som er viktige for barnehagen sitt innhald og verksemd, og for forholdet til foreldra”. 

Foreldrerepresentantar:

-        Frå foreldra: Ina Kaldefoss og Ørjan Høviskeland

-        Frå kommunen: Gjermund Lygre Kongsvik

-        Frå barnehagen: Birgit Jensen Nes, Ingrid Dalland Raa og Eldbjørg Knudsen

VISJON

Me har ein felles visjon for barnehagane i Tysnes: GLADE VAKSNE, GLADE BARN. Det er ein grunn til at me har glade vaksne først. Det er fordi me legg vekt på at me vaksne skal være gode rollemodellar, og dersom me har det bra, så smittar det over på barna. 

LIVSMEISTRING er viktig i barnehagen. Det viktigaste me kan gje barna i barnehagen, er hjelp til å meistre livet. Me skal leggje eit grunnlag som gjere at dei kan meistre livet no, når dei er 10 år, 20 år osb. Dette er eit stort oppdrag. Me jobbar mykje med dette i personalet. Rammeplanen gjev oss mange føringar for kva me skal jobbe med, og me jobbar med dette gjennom heile året. 

·       Sosial kompetanse: barna skal få venner, respektere kvarandre, øve opp evne til å takle motgang, kunne ta vare på seg sjølv og andre rundt seg, ha eit sundt og godt sjølvbilete, og god «folkeskikk». Me skal jobbe med å forebygge mobbing. 

·       Språkleg utvikling: barna skal kunne bruke språket til å kommunisere med andre, kunne uttrykke tankar og kjensler, skape relasjonar, lytte til andre. Dei skal få eit godt grunnlag for lese- og skriveutvikling seinare. 

·       Fysisk aktivitet, mat og helse: barna skal lære å kunne ta vare på seg sjølv og andre, bli glad i og ta vare på naturen (berekraftig utvikling), få gode helsevanar og matvanar, kjenne på glede og meistring ved å bruke kroppen, god hygiene, bli kjende med sin eigen kropp, og setje grenser «det er min kropp», utvikle dei grunnleggjande rørslene. 

·       Demokrati og medverknad: å bli høyrt, sett og respektert, lytte til andre, være ein del av eit fellesskap, tørre å ha eigne meiningar, respekter ulikskapar, kunne følgje reglar, kjennskap til at andre menneske har det annleis enn oss. 

 

ME KAN LÆRA BARNA MYKJE, OG DET SKAL ME, MEN DET VIKTIGASTE ER Å LEGGE EIT GRUNNLAG, SLIK AT DEI KAN MEISTRE LIVET NÅR DEI VEKS OPP. ME MÅ FYLLE OPP»RYGGSEKKEN» MED DET DEI TRENG FOR Å MØTE UTFORDRINGAR I FRAMTIDA.