Litt om oss

Lunde barnehage

Lunde barnehage- midt i Lunde "sentrum"

Me har etterkvart etablert ein, i Tysnesisk målestokk" stor barnehage i Lunde. Barnehageåret 2018/2019 har me totalt 52 plassar til barn mellom 1 og 6 år. I talet er det 33 barn og 9 vaksne, pluss styrar. Barna er fordelt på to avdelingar, Sønnavind 1-2 år og Nordavind 3-6 år.

Arbeidet vårt er forankra i Barnehagelova og Rammeplan for barnehage, med fokus på dei sju fagområda, livsmestring, leik, læring, omsorg og danning. I tillegg til dette har Tysnesbarnehagane felles planar for bl.a. språkutvikling, sosial kompetanse og fysisk aktivitet.

Me har også felles visjon: Glade vaksne- glade barn.I denne visjonen ligg det ein del underpunkt som skal sikre barna gode opplevingar i kvardagen, både i møte med barnehagen og i aktivitetane. 

Me ynskjer stadig å utvikle oss, og no rettar me fokus imot COS (cirkle of securety), på norsk Trygghetssikelen. Dette er i utgongspunktet eit "foreldrerettleiingsprogram", og me ynskjer å auke kompetansen innan denne tenkninga, slik at me i enda større grad kan sikre barna trygg tilknytning i alle situasjonar og overganger i barnehage.

SU - representanter i Lunde barnehage:

  • Nordavind: Kristine Andersen og Ivar Helland (vara)
  • Sønnavind: Tonje øygjordsbakken og Audun Lund Eik (vara)
  • Personal: Lise Annett Færevåg og Ingvill Christensen

Lurer du på barnehageplass i Tysnes kommune? Søknadskema ligg i høgremenyen under skjema.

Bokstav
gjengen
I treet
Leik
Lunde
På tur
Smil
Uteleik