Lions International logo

Lions på Tysnes?

Lions er den største hjelpeorganisasjonen i verda og har 1,35 mill. medlemer, 11.300 av desse er i Noreg. Vi er heilt vanlege kvinner og menn som har eit engasjement for å hjelpa andre. Organisasjonen består av 46.000 klubbar, av desse er 36 i Hordaland. På Tysnes har det hittil ikkje vore Lions-klubb, men det vil vi no gjera noko med. Lions Club Fusa har på vegne av Lions distrikt 104D (Hordaland) fått i oppdrag å prøva få dette til. Kjenner du at du har lyst å gjera noko for andre, saman med andre, er Lions absolutt noko for deg. 

Kan henda har du eit urealisert nærmiljøprosjekt du drøymer om å få til, eller du blir berørt av å sjå flyktningeborn som går berrføtt i snøen i ein overfylt leir? Dette er døme på kva ulike Lions-klubbar har gjort noko med. Vi i Lions har ein tommelfingerregel om å bruka 50% av innsamla midlar til lokale føremål, 25 % til nasjonale og 25% til internasjonale prosjekt. Det er naturleg, sidan inntektene dei ulike klubbane skaffar seg som regel har lokalt opphav.  Alle våre innsamla midlar går uavkorta til ulike hjelpetiltak, alle utgifter til drift av klubbane vert dekka av medlemskontigenten, altså av medlemmane sjølve.

Lions Clubs International, som er organisajonen sitt formelle namn, har heilt sidan starten hatt eit spesielt fokus på blinde og unødvendig blindheit. I Noreg har dette m.a. ført til at Lions har sin eigen førarhundskule, samt at vi i mange år har hatt eit godt samarbeid med NORAD i Uganda, Malawi og no også Zambia. I desse landa er det bygd og blir drivne fleire augehelseklinikkar. Vi har også eit sterkt fokus på førebyggjande arbeid blant born og unge, spesielt gjennom undervisningsopplegget «Mitt valg», som faktisk er i bruk på Tysnes. Dette er berre døme på alt Lions arbeider med, du kan lesa om endå meir på lions.no.

Du som har lyst til å vera med på dette og som vil vita meir sender ein e-post til torstein.skatun@fusi.no . Det blir også eit informasjonsmøte på Tysnes Skule torsdag 12. februar kl. 1900, der du sjølvsagt er hjarteleg velkomen.

For Lions Club Fusa, Torstein Skåtun