Lag og organisasjonar

Tysnes kommune får stadig førespurnader om lag og organisasjonar på Tysnes. Me formidlar adresser og namn til dei ulike kontaktpersonane. Derfor ønskjer me at lista skal vera oppdatert, at dei ulike laga gjev melding om ev. endringar. Send gjerne endringane på e-post til post@tysnes.kommune.no, som vil vera den kjappaste måten å få endringane inn på nettstaden. Eller du kan fylla ut skjema (pdf) som du sender til Tysnes rådmannskontor, Rådhuset, 5686 Uggdal.

Norsk Frilynt Ungdomsforbund tilbyr ei rekkje støtteordninger og medlemsfordeler til lag og foreningar med fokus på kultur, barn og ungdom i heile Noreg! Teatergrupper, skulerevyer, russerevyar, fritidsklubbar, kor, musikkverkstader, ungdomslag m.m. har mykje å henta.