Logo Kystsogevekene 2015

Kystsogevekene 2015

Program for den offisielle opningsdagen laurdag 8. august.

Opningsbrysjyre

 

11.30 årbakka handelsstad og årbakkavollen.

Utstillingar, guiding på området og enkel servering.

Seglskuta Seladon gjestar Årbakka og Onarheim.

 

13.00 Offisiell opning på Onarheim, Alsaker brygge

Velkomst og talar v/ordførar Kjetil Hestad, styreleiar Ove Trellevik og fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

Offisiell opning v/fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Kultur- og musikkinnslag m.a. Jannike Berge Espevik og The Phoenix.

Programleiar Jørgen Knudsen.

 

14.00 På Alsaker brygge vert det servering og sal av lokal mat og lokale produkt

Johannes Heggland-utstilling i Onarheim kyrkje. Salsutstilling i Seløystova "Tysnesvettene i godt lag" v/Hjørdis J. Heggland og rosemåling v/Marianna Heggland Brungot.

Guiding i nærmiljøet, høve til roturar eller båttur på Onarheimsfjorden med Seladon, hesteskyss og omvising på Alsaker fjordbruk.

Friluftslivets år vert markert med tur til Blåbærhaugen for dei som ønskjer det.

 

16.00 Opning av Onarheim kulturkyrkje

Prost Svein Arne Theodorsen vil stå for opninga av kulturkyrkja.

 

16.05 Anna Gyria i Onarheim kulturkyrkje

Johanne Øvstebø Tvedten frå Sunnhordland museum med framsyninga "Anna Gyria" frå Johannes Heggland sin romankvartett "Brødet frå havet".

Programleiar ordførar Kjetil Hestad.

Stiftinga Kystsogevekene og Tysnes kommune takker Alsaker fjordbruk, Årbakka handelsstad og alle friviljuge lag og enkeltpersoner for samarbeidet.