Tysnes kyrkje

Kyrkjene på Tysnes

Kyrkjekontoret i Tysnes er eit felles kontor for Tysneskyrkjelydane som administrerer og forvaltar kyrkjelydsarbeidet og kyrkjene. Kyrkjekontoret har ansvaret for dei kyrkjelege handlingane slik som dåp, trusopplæring, konfirmasjon, vigsel og gravferd.

Ved kyrkjekontoret arbeider:

Kyrkjeverje er dagleg leiar og har det øvste administrativeReksteren kyrkje.jpg ansvaret for den forretningsmessige drifta av kyrkja. Kyrkjeverje forvaltar gravplassane på vegner av kommunen.

 

Prestane som gjer teneste i Tysneskyrkjelydane er knytte til kyrkjekontoret der dei har sin kontorarbeidsstad. Normalt vil dei vera å treffa her i kontortida dersom dei ikkje er opptekne i anna teneste.

Onarheim kyrkje.jpgKyrkjelydspedagogen har og sin kontorarbeidsstad ved kyrkjekontoret. Herifrå vert trusopplæringsarbeidet «TOPP i Tysnes» administrert og planlagt.

 

 

Uggdal kyrkje
Uggdal kyrkje

Kontakt oss

Kyrkjekontoret

Ekspedisjonstid kyrkjekontoret: måndag-fredag kl. 09.00-14.00.

Telefon: 481 23 170 / 482 01 025
E-post: kyrkjekontor@tysnes.kommune.no
Postadresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal