Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Kart

Kvalitetsheving av matrikkelen

Tysnes kommune, kart og oppmåling, underrettar om kvalitetsheving av matrikkeldata i høve til matrikkellova § 26 og matrikkelforskrift § 10 (2). Massivregistrering omfattar eigedomsgrenser til alle gardsnummer i kommunen.
 


 

Tysnes kommune, kart og oppmåling, underrettar om kvalitetsheving av matrikkeldata i høve til matrikkellova § 26 og matrikkelforskrift § 10 (2). Massivregistrering omfattar eigedomsgrenser til alle gardsnummer i kommunen.

I samband med innføring av eigedomsskatt i Tysnes Kommune i 2009 vart behovet for kvalitetsheving av matrikkelen synleg, og det vart sett i gong eit prosjekt for forbetring av matrikkelkartet. Prosjektet gjekk over ein 4-årsperiode (2010 - 2013) og du kan lesa meir om:

- bakgrunn for prosjektet
- kva som vart utført
- kontroll av eigen eigedom
- retting av opplysingar i matrikkelen

Tysnes kommune, kart og oppmåling, underrettar om kvalitetsheving av matrikkeldata i hht. matrikkellova § 26 og matrikkelforskrift § 10 (2).

Massivregistrering omfattar eigedomsgrenser til alle gardsnummer i kommunen.

Bakgrunn

Matrikkelen er landet sitt offisielle eigedomsregister. Den inneheld ei oversikt over eigedommar, eigedomsgrenser, adresser og bygningar. Matrikkelen vart etablert ved konvertering av data frå tidlegare registre. Det kan variera kor gode disse data er med tanke på kor fullstendige og nøyaktige dei er. I enkelte tilfelle kan grensepunkt og grenselinjer mangle heilt eller delvis eller vere feil registrerte. Det kan også vera feil og manglar ved registrerte bygnings- og adresseinformasjon. Fullkommenskap og stadfestings-nøyaktigheit er generelt bedre innanfor enn utanfor tettbygd strøk. Vær merksam på at for mange matrikkeleiningar og bygg hefter usikkerhet ved arealet som vert oppgjeve.

God kvalitet på informasjonen i matrikkelen er viktig både for rettshavarar til fast eigedom, for offentlig forvaltning og for privat næringsliv. Blant anna fordi offentleg forvaltning nyttar matrikkelinformasjon i si sakshandsaming, jf. matrikkelloven §§ 4 og 31.

I samband med innføring av eigedomsskatt i Tysnes kommune i 2009 vart behovet for kvalitetsheving av matrikkelen synleg, og det vart sett i gong eit prosjekt for kvalitetsheving av matrikkelkartet.

Kva vart utført

Prosjektet om kvalitetsheving av eigedomsgrenser i matrikkelen gjekk over ein 4-årsperiode (2010 - 2013) og det vart:

- lagt til eigedommar som var etablerte i grunnboka, men som har mangla på eigedomskartverket
- ført samanslåingar som var registrerte i grunnboka, men som ikkje var førte i kartet
- ført inn manglande grenser mellom eigedommar som grenser til kvarandre og som har same heimelshavar (kommabruk)
- ført inn grenser i høve til skylddelingsdokument for eigedommar som så langt, berre var registerte med sirkel (sirkeleigedommar)
- lagt inn jordskiftesaker, der det førelåg dokumentasjon hos Tysnes kommune
- lagt inn grenser mot offentleg veg, der det førelåg målebrev
- ført rettingar etter merknader frå gardskartprosessen

 

Grunnlag for all føring er tinglyste dokument, samt ikkje tinglyste målebrev for offentleg veggrunn (veggrunn er matrikkeleiningar som ikkje er panteobjektar og har derfor ofte ikkje grunnboksblad). Eigedommane vart ikkje endra, men opplysningane i eigedomsregister vart forbetra og supplert.

Kontroll av eigen eigedom

På www.seeiendom.no og på www.norgeskart.no kan du søkja opp og sjå kva som finst av grenseinformasjon i matrikkelen og om det har vore endringar på dykkar eigedom i samband med massivregistrering.

Retting

Dersom ein oppdagar store avvik, kan grunneigarane krevja retting av matrikkelen.

Hugs at det alltid kan vera små avvik (unøyaktigheit) mellom ført grense og realiteten der grense ikkje er koordinatfesta gjennom offentlig forretning. Informasjon om nøyaktigheit er lagt til som ein eigenskap av grensa i kartet. (Hos «www.seeiendom.no» er grøne linjer – høy nøyaktigheit og andre farger – lav nøyaktigheit).

Kravet skal settjast fram skriftlig hos kart og oppmålinga og skal vera underteikna av heimelshavar (ar) til dei matrikkeleiningane rettinga gjeld. Det skal leggjast ved kart som viser retting som er ønskt,  samt dokumentasjon av grensa som ein krev retta (f.e. kopi av jordskiftesak, skylddeling, grensegongsforretning, dom). Retting er gebyrfri, men det kan ta nokre veker frå kravet er motteke til forholda er overprøvd og rettinga ev. er utført.

Dersom du manglar bakgrunnsdokumentasjon for grenseforløp, heimelstilhøve og rettar i fast eigedom kan du få tak i dei ved å venda deg til Kartverket.

seeiendom.JPG