Kva er ei Dagsturhytte?

Dagsturhytteprosjektet starta som ein litt vill idé i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2016. Så langt har det resultert i 38 ferdige hytter, og våren 2022 skal det vere totalt 56 dagsturhytter i nye Vestland fylke. Utgangspunktet for idéen var fylkeskommunen sitt mål om at alle i fylket skal ha moglegheit til å vere fysisk aktive kvar dag.

Hytta ved Kyrkjevatnet skal vere eit turmål for heile kommunen og eit turmål som alle kan klare å nå. Derfor er hytta tilrettelagt for menneske med funksjonsnedsetjing. Ein ny turveg som skal byggjast i området vil også ha universell utforming. 

Dagsturhytta Vinjaåsenhytta i Aurland

Bibliotek i hytta

Hytta skal ha eit nynorsk turbibliotek. Det skal stimulere til lesing, fremje nynorsk litteratur spesielt og gjere innbyggjarane betre kjent med det lokale biblioteket sitt. Det er dei kommunale folkebiblioteka som han ansvar for turbiblioteka. Bøkene gir farge og trivsel i hytta, og det å setje seg ned og ha lesestund i hytta er ein tilleggsdimensjon til turopplevinga som mange set pris på. 

Kva skal hytta heite?

Dagsturhytta ved Kyrkjevatnet treng eit namn.

Har du lyst å delta i konkurransen om å få setje namn på hytta? Send ditt/dine forslag til post@tysnes.kommune.no innan 15. april.

Juryen som skal finne det beste forslaget består av:

  • Ordførar
  • Grunneigar
  • Uggdal bygdalag
  • Medlem av eldrerådet
  • Medlem av ungdomsrådet
  • Tysnes turlag
  • Bibliotekssjef
  • Kulturkonsulent

Er du den heldige vinnaren, får du klyppe snoren saman med ordføraren under opningen av hytta. Vinnaren vil bli kontakta når komitéen har bestemt seg for eit namn.

 

Dagsturhytta Gytta i Førde blir løfta på plass med helikopter