Bilde frå Tysnes - bruer til reksteren

Kva kan me få til i Tysnes kommune?

Det skal lagast ein ny plan for bruken av land og sjø i kommunen.

Ønskjer du byggje på heimegarden?
Har du ein gründer i magen og treng næringsareal på land eller til sjøs?
Bubil- og campingplass?
Kva med eit naust?
Vil du ha leikeplass og friluftsareal?
Kanskje hyttetomt er det du arbeider for?

No er tida for å melda dette til kommunen!
Me vil ha dine innspel og forslag til korleis me kan bruke øyen og områda våre, både på land og til sjøs, på best mogleg måte for innbyggarane.

Me ynskjer derfor velkommen til ein open dag med dialog og informasjon om kommuneplanarbeidet. 

Me delar opp møta bygdevis, så får me konsentrert oss om eit område pr. dag. Du kan komme som enkeltperson, eller som representant for eit lag eller organisasjon.

Tidspunktet er 0900-1430 desse dagane på rådhuset i Uggdal:

Måndag 22. juni   Uggdal
Tysdag 23. juni    Tysnesbygda
Onsdag 24. juni   Lundegrend
Måndag 29. juni   Onarheim
Onsdag 1. juli      Reksteren

Ordførar eller varaordførar, og fagansvarleg for planarbeidet i kommune ​er dei som møter dykk.

Om du ønskjer å sende inn innspel digitalt, kan du bruke denne nettadressa:
https://arealdel-kommuneplan.webnode.com/

Før møtet kan du gjerne sjå denne informasjonsvideoen: 

Kontakt oss

Planar

Fagansvarleg plan
Morten Anthonessen
Telefon: 922 61 413

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal