Kulturskulen tek no imot søknad
Einskildundervisning
- Piano
- Gitar/Bass
- Song
- Messing
Grupper
- Musikkleik 5 - 6 år
- Snekkerverkstad frå 7. klasse
- Teater
- Dans
- Messing
Piano
I faget piano får eleven teknisk og musikalske utfordringar utfrå alder/ønskje og nivå. Eleven lærer å spele etter noter, men det er og høve til å jobbe med besifring.
Nokre elevar veljer å lære ulike typar tangentinstrument, og det er høve til å få undervisning på orgel, og keyboard ettervart.
Eleven må ha høveleg instrument heime.
Gitar/bass
På gitarundervisninga lærer du akkordar, fingerspel, plekterspel, improvisasjon melodi mm. Kanskje du finn ut at du likar å synge mens du spelar? Kvar elev har sin veg å gå, og denne finn me i lag på timen.
På bassundervisning har me som mål at eleven skal bli ein stødig bassist, med god oversikt over gitarhalsen som forstår rolla si i samspel.