Tysnes kommune deler ut prisen til begge disse to i år, fordi det hadde vore unaturlig å gje prisen til den eine, utan å gje den til den andre.

Det er Tysnes musikklag, ved leiar Aksel Lunde, som har nominert Lars Petter og Morten.

 

Bakgrunn for tildeling:

Morten Haaland har vore fast medlem av Tysnes Musikklag sidan 1988.

Han har vore dirigent for Tysnes Skulekorps.

Morten har vore leiar i Tysnes Musikklag, og har vore kasserar i nær 20 år.

Han har vore med i song og musikkrådet sidan 1986, der han har vore den faste og trygge organisatoren av kulturmidlane for kor og korps.

I alle arrangement Tysnes Musikklag steller til, er Morten organisatoren som får alt til å gli smertefritt. Dansegalla, temakonsertar med omfattande lyd og lys-produksjon, den tradisjonelle julekonserten i kyrkja, eller nyttårsball. Også "Kanal TM" for dei som hugsar lenger tilbake.

Morten blir omtala som personen som ofte gjer jobben i bakgrunnen, og har stålkontroll på det han skal gjere.  

Med Morten som kasserar har Tysnes Musikklag hatt ein økonomisk kontroll som gjer at dei i dag har gode instrument og øvingsforhold, noko som har medført at Tysnes no truleg har det beste brassbandet mellom Bergen og Haugesund.

Han har og vore innom dei fleste instrumentgrupper i musikklaget, frå tuba og slagverk til horn og baryton.

 

Lars Petter Epland har nærmast vakse opp i Tysnes musikklag. Han har vore samanhengande medlem sidan 70-talet.

Han har vore aktiv i styret i størstedelen av tida han har vore medlem. Både som leiar på 80-talet, kasserar på 90-talet og seinast som leiar fram til 2020.

Han har og vore leiar i Tysnes skulekorps, og er den som har hatt det vervet lengst.

Lars Petter var initiativtakar til, og er sjølve Dansegalla-Generalen. Dansegallaen Tysnes Musikklag har arrangert årleg har vekt oppsikt og tiltrekt seg publikum frå heile vestlandet. For mange danseglade er dette årets høgdepunkt, i all hovudsak på grunn av Lars Petter sin utruleg serviceinnstilte haldning.

Lars Petter har og vore innom dei fleste instrumentgrupper i korpset, og er for tida ein habil tubaist.

Lars Petter har og vore aktiv i andre lag og organisasjonar. Han har bidrege i Tysnes Idrettslag, Båtlaget Njord/Tysnes og vore formann i Tysnes Ungdomslag, samt vore kommunestyrerepresentant.

 

For kulturlivet på Tysnes er det samspelet mellom dei som er unikt.

Lars Petter inspirerer og motiverer. Morten er den grå eminense som få kanskje legg merke til, men er den som får alt til å gli smertefritt.

Så seint som no i oktober feira Tysnes Skulekorps 40 år. Då var det atter to namn som gjekk igjen:

Lars Petter Epland og Morten Haaland.

Lars Petter og Morten har i mange år vore drivkreftene i det som er det største og mest aktive kulturtilbodet for barn og unge i alle aldrar. Dei skaper aktivitet, møteplassar mellom generasjonar, og bidrar sterkt til eit mangfaldig kulturliv i Tysnes kommune.

 

På bakgrunn av dette får Lars Petter Epland og Morten Haaland kulturprisen for 2021