Skulemuseet i Solheimsdalen

Kort om Tysnes Skulemuseum

Skulehuset i Solheimsdalen blei bygd i 1896, og var i drift frem til 1958. Elevtalet varierte mykje, med 29 elevar på det meste og kun 8 elevar da skulen blei lagt ned. Etter nedleggingen blei skulestovo brukt som forsamlingslokale. I 2016 opna Tysnes Skulemuseum etter to år med restauringsarbeid.

Omvisning på forespurnad.

Skulemuseets historie

Saka om skulehus i Solheimsdalen kom opp alt i 1872. Ho kom då så langt at det blei valt ei byggjenemnd, men året etter låg det føre skriv frå oppsitjarane i dalen om at dei «for nærværende» var imot å byggja. Først vel 20 år seinare, i 1896, bei huset bygd. Det var då berre eit kammers utanom skulestova.

Elevtalet varierte mykje. I 1906 var det 24 elevar. Vidare varierte det mellom 8 og 20 fram til 1928, då det var 24 elevar. I 1940-åra var det 29 elevar (1942- 1944). Så gjekk elevtalet gradvis nedover til det berre var 5 elevar igjen i 1955. Tre år seinare i 1958 vart skulen i Solheimsdalen lagt ned, og skulens resterande 8 elevar vart overførte til Onarheim skule. 

5 personer utanfor skulehuset, bilde i svart-kvitt.
Ørjan Brekke, Borghild f. Onarheim (gift Aarbakke), Eirik Alfarnes, Esther Alfarnes og Bertha Alfarnes. Troleg rundt 1935.
5 personer utanfor skulehuset, bilde i svart-kvitt.
Personer på bilde: Ørjan Brekke, Borghild f. Onarheim (gift Aarbakke), Eirik Alfarnes, Esther Alfarnes og Bertha Alfarnes. Troleg rundt 1935

I 1960 gjorde kommunestyret vedtak om at Solheimsdalen Grendalag skulle få kjøpa skulehuset, men først i 2014 fekk ein skøyte på eigedomen. 

Sjølv om det formelle på eigarsida ikkje var i orden, vart likevel huset brukt som forsamlingshus, slik det hadde vore før skulen vart lagt ned. Den største årlege hendinga var basaren kvar skjærtorsdag. Den var viden kjent, og «alle» som hadde tilknyting til dalen, kom på basaren. Siste basaren var i 1986. 

Det var også møter, juletrefestar, samlingar for alt frå Intremisjon til jaktlag og samlinger etter gravferder. Huset var og nytta som stemmelokale heilt fram til midten av 80-talet.

Skulestovo blir museum

Allereie då skulen vart lagt ned, var det tanken at innbyggjarane i Solheimsdalen skulle overta huset frå kommunen og bruke det som forsamlingshus. Åra gjekk utan at det formelle blei ordna. Fyrst i 2008 blei det endeleg bestemt at Solheimsdalen Grendalag skulle ta over bygget og eigedomen. Men enno skulle det gå seks år før alle formalitetar var i orden. 

Då var innbyggjartalet i dalen var kome ned mot ti personar, og dei hadde ikkje det same behovet for eit grendehus lenger. Samstundes var dei fullstendig klar over at dei kunne koma til å råda over eit flott og gamalt bygg, liggjande på ein utmerka plass, midt i dalen. Grendalaget var klare på at huset måtte nyttast på ein måte som kunne vera til glede for folk. Slik kom idéen om eit skulemuseum opp. 

Idéen om eit museum var likevel ikkje heilt ny. Tidlegare lærar i Solheimsdalen, J. Dahl, skreiv i eit innlegg i «Tysnes» i 1973 om at grendaskulane var kulturskattar og ein viktig epoke i Norge som ein burde ta vare på. 

Sjølv om det formelle på eigarsida ikkje var i orden, vart likevel huset brukt som forsamlingshus for innbyggarane i Solheimsdalen, slik det hadde vore før skulen vart lagt ned. 

Etter 1986 vart huset ståande tomt, og forfallet begynte. Då grendalaget overtok skulehuset i 2014, hadde forfallet kome langt. All restaureringa er gjort av grendalaget og tidlegare solheimsdølingar. Etter 2 år med restaureringsarbeid opna Solheimsdalen Grendalag Tysnes Skulemuseum 19.juni 2016.  

Tekst: Anne Grethe Kleppe

Ordførar klipper snor utanfor skulemuseet.
Ordførar Kåre Martin Kleppe fekk oppdraget med å opna museet.

Skuleminner frå 1940-åra

«I friminutten slo me ball. Rågummiball var sjeldan vare, og dei hadde lett for å spretta over gjerdet og fara nedover Klettabakkane. Me brukte jamnast heimelaga filleballar, tøyballar sydde av bitar lag på lag. Når det var vått ver, dreiv væta av dei, både ved slag og mottak.
Å slå langt var det store. Den som gjorde det, vart vald først på laget og hadde stor vørnad. Eg var ujamn med å treffa på slaget, men var rask til beins og gjorde sjeldan laget ute.


Det hende at Alfarnes’en sjølv var med og slo ball. Då valde han gjerne ein av elevane med seg, og så var det dei to mot «røkla». Dei greidde seg fint, for han sprang så urimeleg fort i filttøflene sine, ikkje som oss andre som berre hadde tresko.»
Jostein Sandsmark. 

 

Skuleminner frå 1950-åra

«Du ser det lysa kvitt, tvers over vatnet når du kjem over Kløv. Det var både skulehus og bustad for læraren. Skulestova var eit stort kvadratisk rom med grønsåpevaska tømmervegger. Kateteret dominerte i enden av rommet saman med det høge, låste skapet, der skuleboksamlinga var, og det magiske apparatet med dei tjukke, runde glasplatene som kunne laga straum, lange gneistar – om ein var heldig. I dette skapet stod også plansjar og bibelske bilde som blei hengde opp og bytta ut etter kor me var henne i bibelsoga.» 

«På langveggen, der det ikkje var noko vindauga, hang i glas og rame ein stor og høgtideleg diplom for deltaking i Nasjonal Skogreising. Den gav meg ei sterk kjensle av å ha vore med og bygd «Landet», og kvar gong skulen deltok i granplanting, var det som om eg nya oppatt denne arven». 

Jon Sigmund Sandsmark 

Skulestovo

Når ein trør inn i skulestova, er det som å trø inn i ei anna tid. Dei antikvariske skrivepultane, dei forhistoriske verdskarta som heng over tavla, og klasserommet som er restaurert og står akkurat slik det såg ut i gamledagar, skapar ei spesiell kjensle inne i bygget. 

Skulestova vekker kjensler hos dei som opplevde denne tida. For nyare generasjonar er det også viktig å kunna sjå kurleis foreldre og besteforeldre hadde det for berre nokre tiår sidan.

Vindauga er originale frå 1896, restaurert av Sunnhordland museum.

Skulemuseet har også samla inn gamle, brukte skrivebøker, som gjer stova ekstra autentisk. Grendalaget er opptatt av at det skal vera eit levande museum. Gjestene skal kunne gå rundt og sjå og ta på gjenstandana, slik at dei får ei totaloppleving av besøket.

Lærarbustaden

I eine enden av skulebygget var det lærarbustad for læraren og familien hans. Stova er møblert som ho var. Grønfargen på veggene i lærarbustaden er slik han var i 1917. Den fann dei då dei tok ned veggplatene. 

Skulemuseet har blitt ein stor suksess med fleire hundre besøkande kvart år, som gler seg over moglegheita til ei «reise tilbake i tid.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?