Kraftstasjonen på Gjerstad
Våge Lysverks historia
«Våge Lysverk» vart etablert i 1934. I si tid var kraftverket adskillig større enn det som hittil hadde vore vanleg i kommunen. Kraftverket vart nedlagt på byrginga av 1950-talet siden det ikkje leverte straum til alle, og ikkje med god nok spenning heller.
Våge Lysverk, kraftverket på Gjerstad
Det var dårlege tider i byrjan av 1930-årane, og Olav Helland var ein av mange arbeidslause på denne tida. Broren hans Harald Helland skulle laga møbelfabrikk, og Olav starta difor opp si eiga verksemd – Våge Lysverk, for å levera straum til brorens fabrikk og fleire. Kraftverket han planla hadde adskillig større dimensjonar enn det som hittil hadde vore vanleg i kommunen. Prosjektet innebar ei utbygging av Gjerstadelva, og ei røyrgate til Amundsstølen der kraftstasjonen vart bygd. Det var så varmt den sommaren då dei la opp røyrgata at dei måtte jobba om natta. To mann måtte bera dei tunge røyra på plass opp til demninganlegget. Ein kan framleis sjå restane av røyrgata oppetter lia.
Kraftstasjonen «Våge Lysverk» vart etablert i 1934.
Straumforsyning til Tysnesbygda
Her vart det montert ein likestraumsgenerator på 46 kw, og strekt liner kringom i Tysnesbygda. Det var ikkje noko dårleg kraftverk, men etter kvart som straumbehovet økte, kunne ikkje det vesle kraftverket på Gjerstad levere nok straum til alle, og spenningen var ikkje stabilt heller. Særleg
i periodar med kulde og tørke, kunne det snart bli mørkt i heile bygda. Likevel må ein ha lov til å seia at Tysnes Lysverk representerte ein revolusjon i høve til kva ein hadde hatt tidlegare.Då Tysnes Kraftlag tok til å levera straum i Våge i byrjan av 1950-talet, gjekk det ikkje lang tid før Tysnes Lysverk var ein saga blott. Den vesle kraftstasjonen med turbinen og generatoren vart ståande på Amundstølen i mange år, men stod etter kvart til nedfalls.
Kraftstasjonens fremtid
I 2014 har den engasjerte tysnesingen Tore Økland og en dugnagdsgjeng reist den gamle hytta til Våge Lysverk som stod her fram til 1950-talet. Inne i hytta finst framleis turbinen og mykje annet av det opprinnelege utstyret.
Sist oppdatert