Kalkomn Flakkavågen

Kalkomnen som står i Flakkavågen i dag, ble bygd av Elling Ingvaldson Skorpetveit og oppstarten tidfestast til kring 1872. Dette er en kolfyrt omn. Selve kalkbrenninga starta opp mykje tidligere. Den første registrerte kalkleveransen til Bergenhus slott blei registrert allereie i 1516/17 av Gunnar på Flakke. Det vonast at det var kalkomn på Flakka frå mellomalderen av, men den første blei ikkje nemnd før i 1712, og då som «nedfalden og gandske ubrugelig». Kalkomnen var i bruk til 1900/1901 – truleg med om lag 8-10 karar i arbeid på det meste.

Om kalk, kalkbrenning og kalkomnen i Flakkavågen

I traktene rundt Flakkavågen (mf.) har me ein naturressurs me er åleine om på Tysnes. Her har det vorte brote kalkstein og marmor frå middelalderen av. Frå Varaldsøya ute i Hardangerfjorden (Kvinnherad), over austsida av Tysnes og Stord til sørste delen av Bømlo er det eit kalksteinsbelte som vart til i det vi kallar kambrosilurtida for om lag 400-500 millionar år siden. Kalksteinen og marmoren (omdanna kalkstein) vart til i eit grunt hav der det levde mengdevis av smådyr med kalkskal. Etter kvart som desse dyra døydde, vart kalkskala att på botnen. Sidan kom anna fjell oppå, og kalkskala vart gjennom nye millionar av år pressa saman og vart fast fjell. 

Det er kalkhandel som let Flakka første gong dukka ut av historias mørker. På dei fleste gardane her var det i eldre tid ein kalkomn nede i fjøra, totalt om lag 20 omnar. Fyste registrerte kalkleveranse frå Flakka til Bergenhus slott blei registrert i 1516/17 av Gunnar på Flakka. Det var nok kalkomn på Flakka frå mellomalderen av, men han er nemnd først i 1712, og då som "nedfalden og gandske ubrugelig". Matrikkelen 1723 nemner ikkje denne herlegdomen på Flakka. I 1748 ble det henta kalk i Flakkavågen av Elling og Lars Holmen til krigskommisar Dahl på Fet i Omvikedalen. Dette treng dog ikkje ha vore brent på Flakka, men like gjerne på ein av grannegardane her. Flakka vart ikkje nemnde mellom kalkgardane i lensmannsmeldingane 1846 - 66, så det kan ha vore eit opphald i denne næringen då.

I 1865 var det 9 kalkomnar i området som produserte om lag 450 lester – ca. 900 tonn årleg. Men så var det jamt slutt. Veden vart for dyr.

I 1867 kom Elling Ingvaldson Skorpetveit til Flakka. Noko tid seinare bygde han ein kolfyrt omn nede ved sjøen på Flakka. Oppstartinga tidfestast til kring 1872. Kol (og litt ved) og kalkstein vart lagt lagvis ovanfrå i det flaskeforma brennkammeret av eldfast stein, og så tende dei på nedanfrå. Eit murt trekksystem i botnen sytte for god varme.

Elling Skorpetveit var elles ikkje åleine om kalkomnen. Då broren Ingvald på plasset Heio (Skorpo) gjekk konkurs i 1879, åtte han 1/7-part i eit "kalkbrenneri" på Flakka. Dei kan såleis ha vore sju eigarar av kalkbrenneriet første tida. Det blei ført bok for "Flakkes Kalkverk" frå 1875. "Flakke Kalkbrænderi" var det siste kalkbrenneriet som vart drive sør i Onarheimssokno og markerte slutten på ei næring som i alle høve gjekk attende til mellomalderen.



Då Elling I. Skorpetveit flytta til Moster i 1880, kjøpte Hans Møllerupsen Skaten Flakka, og saman med brørne sine Lars og Gjert på Skato og svogeren Knut Skjelevikjo vart så dei eigarane. Det var elles mykje stein både på Skorpesido og på Sletteskogsido og dei fire karane som overtok eller Elling, leigde steinbrot langs strendene her heime, med fleire folk i arbeid. Begge stader vart det brote kalk til etter siste verdskrigen. Med ei jekt som vart kalla ”Omnsjekto” førde dei kalksteinen til omnen og kalken derfrå. Med ”Omnsjekto” førde dei kalklaster til Stavanger, til Sogn og hendevis heilt nord til Trondheim. På heimveg hadde dei til vanleg ei eller anna form for returlast – ofte poteter. Det var Hans Flakka som førte jekto. 

Den brende kalken vart lagra i to kalkbuer nedanfor omnen. Når kalkstein og kol skulle opp i omnshuset, vart dette heist fram på eit gangspel på nordsida. Me finn framleis merker etter dette gangspelet. I ”Hjulhuset” oppe på ”Hjulhaugen” hadde ”Ivar Stølen” – Ivar Jonson Hetlelid – i alle år fast jobb med å trø hjulet på gangspelet. Lars Skato var den som leia sjølve brenninga, Hans Storsøyo, gift med Siri Skato, førte rekneskapen og ordna med sal av kalk. 

Kalkomnen var i bruk til 1900/1901 – truleg med om lag 8-10 karar i arbeid på det meste, på slutten truleg ikkje kvart år. 

I 1901-1903 vart alt som kunne omsetjast selt og salssummen fordelt på dei 8 eigarane. Den eldfaste mursteinen inni omnen for ein veg, utstyr og reiskap ein annan. Omnshuset vart selt til Solesvik på Hufterøya, og i ei løe der finn me den nordre kalkbua. Den andre kalkbua står på næraste gardsbruket i sør – i dag som underhus til ein garasje. Murane har så stått urørte sidan – gøymd og gløymd mellom tre og buskas. I 1992 gjorde Tysnes Kulturminnelag eit storarbeid med rydding og litt restaurering. Dei sette også då opp trappa, plattingen på toppen og sitjebenkene nedanfor.



Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?