Humlevik bru og Humlevikselva
Humlevikselva har sitt utspring, eller meir presist sine utspring høgt til fjells. Langs heile elva finner interesserte spor etter stampar, kraftverk, gamle og nyare bruar, og kvern. Elva renn ut i Humlevika gjennom eit lite «delta». Humleviksbrua har vore i bruk frå 1903 til 1976, og er ei bogebru bygd i stein.
Bruas historie
Humleviksbrua er ei bogebru bygd i stein i 1903, og eit vakkert kulturminne. Då dei bygde røyrbrua i Humlevikslva var ein avhengig av låg vasstand, og tilpassa det med lita elv for å få gjort arbeidet. Brått registrerte ein at vatnet auka monaleg, men formannen viste råd. Han heiv seg i bilen til Myrdal der dei dreiv med aktivitet som trong vatn på kvernkallen. Dei (bruk 2) hadde då opna ei stemme i Myrdalsvatnet for å få nok vatn til å slipa ljåen. Ved å stengja stemma sokk vasstanden hurtig att. Fram til 1976 gjekk trafikken over denne, men større bussar og meir trafikk gjorde at ein måtte leggja ned rør og laga ei brufylling nedanfor for å forstyrke og sikre brua.
Røra var garantert for ei levetid på 30 år. Det vart sementert i botn på røyra i ca år 2000. Knut Lavik og Sæbjørn Humlevik fekk sett opp att stabbesteiner på den gamle brua og rydda i området rundt.
Då begge dei store røyra var lagt ned og det var fylt med singel rundt og over, var det fredag og helg. Det hadde vore fint ver, så dette arbeidet gjekk fint. Men mykje regn om kvelden og laurdagen viste styrke. Søndag morgon gjekk alarmen. Singelen var spylt vekk og fordelt på grunneigarane lenger nede. Ein 8 tonns gravemaskin som var parkert oppå røyra, låg fin og uskadd mellom røyra.
Ca. 100 meter lenger ned ligg restane av ei eldre bru, som vart nytta før 1903. Denne vart nytta av gardane i Humlevik, og andre som skulle innover i bygda langs den gamle bygdevegen.
Humlevikselva frå fjell til fjord: aktivitet og kulturminne (frå kilde til brua)
Humlevikselva har sitt utspring, eller meir presist sine utspring høgt til fjells. Det eine på Prestasætre der Grindelva renn ned mot myrane og vert kalla Løkjen videre og renn mot Myrdal. Her renn elva frå Myrdalsvatnet og elva frå Buskaret (Steinelva) saman med Løkjen og dannar Humlevikselva. Elva frå Myrdalsvatnet har vore drivkraft til 2 kvernhus, der kvenkallen har drive slipestein, og gjennom eit blokk og tausystemblei nytta til pløying av åker for ein av gardane i Myrdal.
Då dei bygde røyrbrua i Humlevikslva var ein avhengig av låg vasstand, og tilpassa det med lita elv for å få gjort arbeidet. Brått registrerte ein at vatnet auka monaleg, men formannen viste råd. Han heiv seg i bilen til Myrdal der dei dreiv med aktivitet som trong vatn på kvernkallen. Dei (bruk 2) hadde då opna ei stemme i Myrdalsvatnet for å få nok vatn til å slipa ljåen. Ved å stengja stemma sokk vasstanden hurtig att. Dette slipeutstyret stod nede der elva svinger NV, midt mellom huset og brua til bruk 2. Her var vel og nederste kverna.
Rett overfor det fyrste fossefallet, Jerikefossen, er det restar av ei stampe som stod der. Stampa vart driven av ein som budde på bruk nr 1 i Myrdal (Johannes Nilsson Reigstad, 1835-1915). Han kom opprinneleg frå Samnanger og vart kalla "Samningen",og hadde nok med seg "stampeideen" derfrå. Truleg var stampa i drift på slutten av 1800 / beg.1900. Kor stor produksjon/stamping av vadmel det var er ikkje godt å sei, stampa låg jo litt "usentralt" til, men det er vel grunn til å tru at det føregjekk ein del "leigestamping". Ut frå Tysnessoga ser det ut til at det har vore ein del produksjon av vadmel i Myrdal, kanskje dette kan ha vore attåtnæring til ei sikkert skrinn gardsdrift.
Ca 500 meter lenger nede kjem det til ei ny elv, som kjem ned Sandalen. Også denne vert kalla Løkjen. Så vidt ein veit har det ikkje vore nokon aktivitet langs denne elva. Løkjen vart senka i samband med grøfting på Hagane midt på 1950 talet. Seinare vart det dyrka lenger oppe langs elva (Stokkamyra) og også der vart elva senka. Denne elva har sitt utspring m.a. frå Svartavatnet som ligg eit stykke opp i Sandalen (på austsida).
Det neste som kjem, er brua over elva mellom Hagareset og Hagen, ein veg folk frå Hagen og Myrdal nytta før Myrdalsvegen kom, men og til kommunikasjon mellom Hagestad/Hagareset og Hagen. Her er det framleis bru.
Noko lenger nede, på vestsida, er det murer etter noko. Dette er på 108/10 (Rosvold). Her ligg og noko gamalt bølgeblekk, men det er uvisst kva som har vore der. Eit stykke lenger nede, ca 50 m overfor Humleviksbrua (1903) kan gardane på Belt hatt kvernhus, etter gamle utsegn. Det er ikkje mogeleg å finna spor etter dette, og elva har lite fall, så denne plasseringa er noko usikker, om det i det heile har vore noko der.
Neste minnesmerke er sjølvaste Humleviksbrua, ei bogebru og vakkert kulturminne.
Nedra del av elveløpet
Ca. 100 meter lenger ned ligg restane av ei eldre bru, som vart nytta før 1903. Det neste som kjem, er restane av inntaksdammen for eit kraftverk Lavikane bygde på 1930 talet. Denne demninga vart kun bygd til midt i elva grunna usemje mellom to av gardane. Dette reduserte effekten av kraftverket. Dette kraftverket, som truleg fyrst var i Uggdal, leverte kraft til dei omliggjande gardane til fram på 1950 talet då Tysnes Kraftlag kom på banen. Ein stor stein som ligg oppå denne muren, viser kva krefter som er i elva.
I "nyare tid" vart det støypt ein betongkumme som var inntakskum for vatn til drivhuset nede med Beltasjøen. Dette er rett aust for demningen til kraftstasjonen. Denne svingen i elva er vorten mykje større etter at uttaket i demningen tetta seg og er no vorte ei "øy" i elva. Dette er det einaste spor etter aktivitet langs elva relatert til denne garden (109/3).
Til slutt renn elva ut i Humlevika gjennom eit lite «delta».
Sist oppdatert