Båtbyggeriet Åsvågen
Båtbyggehistorien i Åsvågen går tilbake til 1800-talet, og tok for alvor fart rundt 1900. Det vart bygd både snekker, kryssarar og oselvarar, og i tillegg vart det utført reparasjon og ombygging av større båtar. Familien Aase hadde tilegnet seg ekstraordinær kunnskap om båtbygging, særlig når det kom til bygging av kravellbygde kryssarane som var svært krevande å laga. Verkstedet var i drift frem til 1993.
Båtbyggeriets historie
Båtbygging i Åsvågen har foregått sidan 1800-talet, men tok for alvor fart under Henrik Aase rundt 1900. Henrik bygde båtar i eit skur som stod mellom dei to største verkstadane som er der i dag. Det vart bygd både snekker, kryssarar og oselvarar, og i tillegg vart det utført reparasjon og ombygging av større båtar. I 1943 bygde sønene til Henrik, Lorents Aase og Olav Aase, ein felles verkstad der dei heldt fram med faren si verksemd. Denne verkstaden står framleis i original stand.
Rundt midten av 1950-talet bygde brødrene veg frå butikken i Åsvågen og inn til båtbyggeriet. Mot slutten av 1950-talet skilde brødrene lag og satt opp kvar sin verkstad, der begge framleis er i tilnærma original stand. Etter dette var det kravellbygde kryssarar på 28-32 fot det vart levert mest av, då helst til fiske og næringsvirksomhet, men også nokre turbåtar.
Verkstaden til Lorents Aase var i drift til han omkom i ei ulykke i 1993, 81 år gammal.
På det meste hadde Lorents Aase to mann i fullt arbeid. Det siste skroget han jobba med står framleis i verkstaden, og han hadde nylig vore i skogen og tatt ut material til fleire båtar. Båtbyggeriet til Lorents Aase er i dag eigd av dottera hans, Annemor Aase Flygansvær. Båtbyggeriet til Olav Aase er eigd av sonen hans, Arne Olav Aase.
Ved utforming av kryssarane, som Aasvågs Båtbyggeri er mest kjend for, vart det henta inn hjelp frå marin-ingeniørar på Fitjar for å sikre at båtane var sjødyktig. Basert på overordna tegningar frå desse, vart det laga skantar (modellar) i Åsvågen som blei justert og optimalisert og som då danna grunnlaget for produksjon av kryssarane.
Dei kravellbygde kryssarane var svært krevande å laga, blant anna fordi kvart bord i huden har ein unik form samt varierande bredde, kantvinkler og endekapping. Borda måtte dampast for å kunne krummast nok til å passe spanta, og alle måtte ha trong passform for å sikre eit tett skrog. Desse utfordringane var ikkje så stor for trebåtar med sua hud, altså skrog med overlappande bord.
Sist oppdatert