Årbakka Handelsstad
Årbakka Handelsstad er ein klassisk, vestlandsk handelsstad, med handelsbu, smie og sjøbu. Den blei etablert i 1898. Smie og sjøbu måtte byggjast nye etter brann i 1929. Her har vore dampskipsekspedisjon og postkontor. I 1960 blei handelsverksemda flytta opp til hovudvegen. Bygningane står innvendig og utvendig omlag slik dei var på 30-talet.
Handelsstad med kulturhistorisk og antikvarisk verdi
Årbakka Handelsstad er en gammel handelsstad. Det var her bygdafolk møte før i tiden – fra 1898 til 1960-tallet. Da var det her bygdafolk fant butikk, post, og ikke minst fergekai. Selve bygget er opprinnelig fra 1850 der det var bygd i Bergsvågen i Strandvik, og ble flyttet til Årbakkasjødn rundt to år før det åpnet som handelsstad her.
I tillegg til handelsstaden ligger det to andre bygninger her: «sjøbuo» fra 1914, som brann ned i slutten av 1920-åra og ble gjenoppført i 1929. Bygningen ble opprinnelig benyttet for salting og omlegging av sild. Og «smio» som ble opprinnelig bygd i 1895, men brann ned sammen med sjøhuset. Noverande bygning blei oppført i 1929.
Handelsstaden på Årbakka høyrer til dei yngre handelsstadene som voks frem etter byborgarans handelsmonopol i distriktet vart oppheva. Første som dreiv landhandel her heit Johannes Årbakke.
Rutebåtar
Frå 1908 vart staden ekspedisjon for HSD-båtane som nesten dagleg kom innom med varer og passasjerar. Båtane ekspederte utanfor holmen.
Ny driftar Teodor Schrøder overtok i 1926, og opna postkontor i 1928. Han selde handelsstaden til Gunnar Olsen Onarheim – etterkomne hans eigar handelsstaden den dag i dag.
Kaien vart bygd i 1935 – no kunne båtane gå heit inn til bygningane. Når båtane kom, var det mykje folk på kaia – det var spennande å sjø kvem som var ute og reiste – og å fretta siste nytt. Handelsstaden var noko langt meir enn berre eit knutepunkt for handel og kommunikasjon – staden hadde ein verdfull sosial funksjon.
Slutten på en era
I 1960 vart det kroken på døra for den gamle handelsstaden. Bilen hadde teke over som det viktigaste kommunikasjonsmiddelet, og handelsstaden blei flyttet opp til hovudvegen. Rutebåten heldt fram som før, men etter nokre år vart det for avsides og slutt også for den.
Etter nokon år tok eit lokalt kunstlag initiativ til å blåse liv i Årbakka Handelsstad igjen. Familien til eieren hadde lang kremmerhistorie, og det vart mange fine gjenstander fra gamle tider som fortente å bli vist frem til besøkjande. Kunstlaget på Tysnes med Britt Rage i spissen samlet sammen rekvisittane, og satt opp butikkmuseum i Krambua der det meste er teke vare på slik det ein gong var. Det ble tatt initiativ til kunstutstilling i sjøbua, kunsthåndverk blei vist frem, og etter kvart har Tysnes kystlag innreia eit kystmuseum i smia. Postkontoret står nøyaktig slik det var då det vart nedlagd i 1960. På staden kan ein også sjå færingen som ein gong høyrde til Knut i Lukto, faren til Herborg Knudsdotter som skal ha vore modell for Anne i songen om Anne Knutsdotter.
Sist oppdatert