Penger

Kulturmidlar 2015

Allment kulturarbeid:

Lag og organisasjonar kan søkje. Tilskotet skal gå til lag og organisasjonar si drift og aktivitet til målretta arbeid med kulturformidling, kulturvern, litteratur og handlingsboren kunnskap. Arbeid for born og unge vert prioritert og vektlagt. Årsmelding og rekneskap for 2014 og budsjett for 2015 skal leggast ved søknad. 

Midlar til ungdomslaga: Me minner ungdomslaga om å senda inn søknad vedlagt årsmelding og rekneskap for 2014 og budsjett for 2015.

Lag som tek imot stønad frå kommunen må godta bruk av følgjekort på sine opne arrangement.

Søknader med vedlegg og opplysningar om kontonr. vert å senda til Tysnes rådmannskontor, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal eller epost: fsk@tysnes.kommune.no.

Søknadsfristen for begge stønadsordningane er i år 31.03.15.

 

Kulturmidlar kriteria

Generelt

Lag og organisasjonar, med hovudsakleg vaksne medlemmar, og som ikkje har kulturarbeid/formidling eller barne- og ungdomsarbeid som hovudføremål kvalifiserer seg ikkje til kulturmidlar. Utvalet kan trass dette gje driftstilskot utifrå ei vurdering av aktivitetar og eigeninnsats i laget. Dette skal dokumenterast gjennom rekneskapen. Alle lag som søkjer skal ha organisasjonsnummer.

Lag og organisasjonar som får eit fast årleg tilskot kan ikkje søkja.

Lag som tek imot stønad frå kommunen må godta bruk av følgjekort på sine opne arrangement. Det tyder at funksjonshemma som må ha følgje, skal betala vanlege inngangspengar for seg sjølve, men har rett til ein person som fritt følgje.

Organisasjonar som primært tek seg av medlemmer sine yrkes- eller økonomiske interesser, har som oppgåve å samla inn pengar til ymse tiltak, eller politiske organisasjonar, kan ikkje få stønad. Kykjesamfunn som får statsstøtte blir ikkje rekna som friviljuge organisasjonar.

Allment kulturarbeid

Tilskot skal gå til lag og organisasjonar si drift og aktivitet til målretta arbeid med kulturformidling, kulturvern, litteratur og handlingsboren kunnskap. Arbeid for born og unge vert prioritert og vektlagt.

Årsmelding, rekneskap og budsjett skal leggast ved søknad.

Oppstartingstilskot

Tilskot kr 1.000. Desse vert utbetalte når rekneskap for første driftsår ligg føre.

Underskotsgaranti

Einskildarrangement kan etter søknad få ein kommunal garanti på inntil kr 3.000. Budsjett skal leggjast ved søknad. Utbetaling vert tildelt på grunnlag av innsendt rekneskap. Rådmannen har fullmakt til å handsama slike einskildsøknader administrativt.

Det kan søkjast gjennom heile året.