IMG_5260 croppet

Kulturbussar

Kulturbussane kan brukast av lag og organisasjonar til å frakte barn, unge, eldre og funksjonshemma på utflukter og aktiviteter i kommunen eller utafor kommunen.


Bilane


Dei to bilane er 9-setarar, med plass til åtte personar + sjåfør. Bilane kan køyrast på vanleg personbilsertifikat.
 

Kven kan bruka bilane


Kommunen har førsterett til bilane i skule og barnehage sine opningstider.

Lag og organisasjonar som skal frakte born og unge, eldre eller funksjonshemma, kan leige bilane i feriar, på ettermiddag/kveld og i helgar.


Bruk og leige

 

Dei to bilane er gratis å bruke for alle avdelingar i kommunen.

 

For lag og organisasjonar er prisen slik:
100,- per dag, per bil.

Det vil bli sendt faktura frå kommunen til den som bookar bilane.


Drivstoff


Bilen skal alltid leverast tilbake med full tank.

For intern bruk/ tilsette i kommunen fylgjer drivstoffkort med.
 

Henting og tilbakelevering


Nøkkel kan hentast og leverast attende i resepsjonen på kommunehuset i opningstida, kvardagar mellom 09:00-15:00. Hugs å ta med førarkort.

Bilen skal vera rydda og rein før tilbakelevering. Det er bilstøvsugar og kostebrett i kvar bil.

Uhell og skade


Alle uhell/skadar/behov for veghjelp skal meldast til Leaseplan sin alarmtelefon 810 33 666. Telefonen er døgnbemanna.

 

Piggdekkgebyr i Bergen


OM DU SKAL TIL BERGEN: Den enkleste måten å betale piggdekkgebyr er å bruke Bergen kommune sin parkeringsapp «Parkering i Bergen». Du kan laste ned parkeringsappen fra Google Play eller App Store. Piggdekksesong er fra 1. november til og med første søndag etter 2. påskedag.
 

Du kan booke bilane her: bestill bil

IMG_5261
IMG_5262
IMG_5263

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal