Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Bilete frå Pixabay

Koronavaksinering

Legekontoret tek kontakte med dei som får tilbod om koronavaksine per telefon.

Me er ein liten kommune og forholda ligg til rette for at ein telefonoppringning er den mest hensiktsmeissige måten å komme i kontakt med dei som får tilbod om vaksine, også ved auka vaksineringar per veke.

Det kan bli naudsynt å endre måte legekontoret tek kontakt på dersom me får store mengder vaksinar per veke. Ved endring i måten legekontoret tek kontakt på, vil dette bli informere om på kommunen sin heimeside.

Avtale om 2. vaksinedose

Dei som får sin fyrste dose med vaksine, vil få med seg dato for 2. vaksinedose. Det vert gitt ut eit brev med neste timeavtale ved vaksinering. Helsepersonell vil også vurdere om det er trong for ein påminning per telefon.

Her kan du finne oppdatert informasjon om koronavaksinering i kommunen.