22. jan. 2021 kl. 15:38

Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Bilete frå Pexels

Koronavaksine i Tysnes kommune

Kommunen starta vaksinasjonen som planlagd planen i veke 1. Informasjon om arbeidet vil bli løpande oppdatert på denne sida.

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggarane vaksinasjon.

Personar som blir prioriterte vil bli kontakta for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje naudsynt å ta kontakt med kommunen eller fastlege for å sette seg på venteliste. 

Alle bebuarane på Tysnes omsorgssenter ha fått sin fyrste vaksinedose i løpet av veke 2.

Når kjem vaksinen?

Første levering til Tysnes kjem 5. januar. Me rekner med et me får levering av vaksien kvar veke frametter.

Må eg ta fleire vaksinedosar?

Vaksinen består av to doser med intervall på minimum 21 dagar mellom første og andre dose. Beskyttelsen inntrer cirka sju dagar etter andre dose.

All vaksinering vert journalført, og du vil bli kontakta for å ta andre dose.

 

Kven får tilbod om vaksine først?

Målet er at alle som ønskjer skal få tilbod om vaksine, men i begynnelsen må me prioritere risikogrupper.

Tysnes kommune vil følge dei nasjonale retningslinane for priritering. Det vil sei at dei fyrste dosane vert gitt til personar over 85, institusjonsbeboere og kritisk helsepersonell.

Risikogrupper:

  • Bebuarar på sjukeheimar og omsorgsbustadar
  • Personer over 65 år
  • Personar med sjukdomar som me veit gir auka risiko for alvorleg forløp og død dersom de får koronavirusinfeksjon:

- Nevrologiske sjukdomar eller muskesjukdomar som medfører nedsett lungefunksjon

- Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon

- Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon

- Immundempande behandling ved autoimmune sjukdomar

- Lungesjukdom (anna enn velregulert astma)

- KMI ≥ 35 kg/m2

- Hematologisk kreftsjukdom siste fem år

- Anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift) 

- Kroniske hjerte- og karsjukdomar (med unntak av høgt blodtrykk)

- Hjerneslag

 

Dei eldste og mest sårbare vert prioritert først, dermed vil bebuarar på sjukeheimar og omsorgsbustadar få vaksine først. Deretter vert det følgjande prioritering:

Gruppe 1: Alle over 85 år

Gruppe 2: Alle frå 75 - 84 år

Gruppe 3: Alle frå 65 - 74 år

Gruppe 4: Dei i alderen 18 - 64 år som har ein eller fleire sjukdomar som vi vet gir økt risiko for alvorlig forløp og død dersom de får koronavirusinfeksjon

Gruppe 5: Helsepersonell

Gruppe 6: Resten av befolkninga

Korleis veit eg om eg vert prioritert?

Du trenger ikkje å kontakte oss for å bli prioritert. Me baserer dette på samarbeid med fastlegen din.

Tysnes kommune vil kalle inn alle som skal vaksinerast etter dei gjeldane reglane.

Innkalling vil skje via telefonsamtale, sms eller via helsenorge.no. Grunna dei korte tidsfristane vil me ikkje nytte brevpost.

Skal barn og gravide ta vaksinen?

Vaksinasjon vil i første omgang ikkje bli anbefalt til barn og unge under 18 år. Vaksinekandidatane som har kome lengst, er ikkje testa på barn og unge. Barn har også lågare sjukdomsbyrde enn resten av befolkninga.

Det er ikkje sannsynleg at gravide vil bli anbefalt vaksinasjon, då vaksinane ikkje er testa på denne gruppa.  

Korleis vert vaksinasjonen gjennomført?

Kommunen planlegg massevaksinasjon. Vaksinering vil bli gjennomført i samråd med gjeldande smittevern. Etter planen skal sentral vaksinering skje i Bedehuset i Våge.

Du vil bli kontakta av din fastlege eller legekontor angåande dato og tid.

Grunna kort haldbarheit på vaksinen lyt folk vere svært fleksibel. Me ber om at de akseptere møtedato som de får oppgitt via telefon eller sms frå oss.

Grunna auka press på telefon til legekontoret ber me dykk om å søkje informasjon på www.fhi.no .

Me vil også informasjon forløpande i denne artikkelen.

Treng eg å bestille time?

Nei, det er ikkje naudsyt å bestille time.

Du vil bli kontakta av din fastlege eller legekontor angåande dato og tid.

Korleis kan eg bytte time?

Grunna kort haldbarheit på vaksinen må me oppmoda alle om å ta imot timen du får tildelt.

Me ber om at de akseptere møtedato som de får oppgitt via telefon eller sms frå oss.

Eg bur heime, men er ikkje i stand til å køyre bil. Kva gjer eg?

Me planlegg at vaksineringa vil foregå likt som influensavaksineringa.

Me oppmodar nærkontaktar om å køyre samen.

Open omsorg/heimesjukepleiar vil vaksinere dei som bur heime som ikkje har høve til å kome til vaksinestasjon.

Eg har ikkje fastlege på Tysnes, kva gjer eg?

Det er kommunen du bur i som har ansvaret for vaksinering, ikkje fastlege din.

Bur du på Tysnes, er det her du vil få tilbod om vaksine.

Er det frivillig å ta vaksinen?

All vaksinasjon i Noreg er frivillig.

Alle vaksinar har biverknad, dei fleste er milde og forbigåande. Me skal informere om korleis effekten er og kva biverknadar de godkjente vaksinane har, slik at alle sjølv kan ta et informert val.

Meir informasjon om koronavaksinen finn du på Folkehelseinstituttet si temaside.

Betaling

Regjeringa har bestemt at vaksinen blir gratis for dei som vert anbefalt å vaksinera seg.

Regjeringas hovudprioritet i vaksinearbeidet er å kunne tilby tidleg vaksinering av hele den vaksne befolkninga for å redusera alvorleg sjukdom og død.

Husk at det vanlege råda for smittevern framleis gjeld og vil bli gjeldande i lang tid frametter.

Meir informasjon om koronavaksinen finn du på Folkehelseinstituttet si temaside.