Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Bilete frå Pexels

Koronavaksine i Tysnes kommune

Kommunen starta vaksinasjonen veke 1. Informasjon om arbeidet vil bli løpande oppdatert på denne sida.

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggarane vaksinasjon.

Personar i prioriterte gruppar vil bli kontakta for tilbod om vaksinasjon. Det skal ikkje naudsynt å ta kontakt med kommunen eller fastlege for å sette seg på venteliste. 

Dei som får tibod om vaksine vil bli kontakta per telefon.

Sjå informasjonsplakat om vaksinering av risikogrupper i Tysnes kommune.

 

Må eg ta fleire vaksinedosar?

Noko av vaksinetypane krevjer to dosar for å bli fult beskytta.
 

 

Doseringsintervallet er avhengig av kva type vaksine du får. All vaksinering blir journalført, og du vil få innkalling til 2. dose dersom vaksinen krevjer 2 dosar.

 

Kven får tilbod om vaksine først?

Målet er at alle som ønskjer skal få tilbod om vaksine, men i begynnelsen må me prioritere risikogrupper.

Tysnes kommune vil følge dei nasjonale retningslinane for prioritering. Det vil sei at dei fyrste dosane vert gitt til personar over 85, institusjonsbeboere og kritisk helsepersonell.

Gruppe 1: Beboere i sykehjem

Gruppe 2: Alle over 85 år

Gruppe 3: Alle frå 75 - 84 år

Gruppe 4: Alle frå 65 - 74 år, og dei i alderen 18 - 64 år som har ein eller fleire sjukdomar som vi vet gir økt risiko for alvorlig forløp og død dersom de får koronavirusinfeksjon

Gruppe 5 Alder 55-64 år med underliggende sykdommer/tilstander (se listen over risikogrupper under)  

Gruppe 6 Alder 45-54 år med underliggende sjukdom/tilstander

Gruppe 7 Alder 18-44 år med underliggande sjukdom/tilstander

Gruppe 8 Alder 55-64 år

Gruppe 9 Alder 45-54 år

Sjå oppdatert informasjon om dei nasjonale rettningslinane for prioritering hos fhi.no

 

Korleis veit eg om eg vert prioritert?

Me baserer dette på samarbeid med fastlegen din. Du trenger ikkje å kontakte oss for å bli prioritert.

Tysnes kommune vil kalle inn alle som skal vaksinerast etter dei gjeldane reglane.

Legekontoret tek kontakt for å tilby vaksine per telefon. Dersom du ikkje har høve til å svare telefonen når Tysnes legekontor ringjer deg, ber me om at du ringjer tilbake til legekontoret, så snart som du kan.

Skal barn og gravide ta vaksinen?

Vaksinasjon vil i første omgang ikkje bli anbefalt til barn og unge under 18 år. Vaksinekandidatane som har kome lengst, er ikkje testa på barn og unge. Barn har også lågare sjukdomsbyrde enn resten av befolkninga.

Det er ikkje sannsynleg at gravide vil bli anbefalt vaksinasjon, då vaksinane ikkje er testa på denne gruppa.  

Korleis vert vaksinasjonen gjennomført?

Vaksinering skjer i Bedehuset i Våge. Vaksinering vil bli gjennomført i samråd med gjeldande smittevern.

Du vil bli kontakta på telefon av legekontor.

Grunna kort haldbarheit på nokon av vaksinetypane lyt folk vere svært fleksibel. Me ber om at de akseptere møtedato som de får oppgitt via telefon eller sms frå oss.

Grunna auka press på telefon til legekontoret ber me dykk om å søkje informasjon på www.fhi.no .

Me vil også informasjon forløpande i denne artikkelen.

Treng eg å bestille time?

Nei, det er ikkje naudsyt å bestille time.

Du vil bli kontakta av legekontoret angåande dato og tid.

Dei som får tilbod om vaksine bli kontakta per telefon.

Dette kan bli endra etterkvart når me får fleire vaksinedoser per veke. Dersom me endrar måten å ta kontakt på, vil me informere om det her.

Når legekontoret er ferdig med å kontakte ei gruppe, vil me gje beskjed om det her på heimesida. Dersom det då er nokon i den gruppa som ikkje har fått tilbod om vaksine, kan ein då ta kontakt.

 

Korleis vert eg kontakta?

Per no vil dei som får tilbod om vaksine bli kontakta per telefon.

Det kan være at me må endre måten å sende innkalling på etterkvart, når me får fleire vaksinedoser per veke. Dersom me endrar måten å ta kontakt på, vil me informere om det her, på kommunen si heimeside.

Korleis kan eg bytte time?

Grunna kort haldbarheit på nokon av vaksinetypane må me oppmoda alle om å ta imot timen du får tildelt.

Me ber om at de akseptere møtedato de får.

Eg bur heime, men er ikkje i stand til å køyre bil. Kva gjer eg?

Me planlegg at vaksineringa vil foregå likt som influensavaksineringa.

Me oppmodar nærkontaktar om å køyre samen.

Open omsorg/heimesjukepleiar vil vaksinere dei som bur heime som ikkje har høve til å kome til vaksinestasjon.

Eg har ikkje fastlege på Tysnes, kva gjer eg?

Det er kommunen du bur i som har ansvaret for vaksinering, ikkje fastlege din.

Har du fast bustadsadresse på Tysnes, er det her du vil få tilbod om vaksine.

Turistar og hytte-buande skal få tilbod om vaksine i sin heimkomune.

Er det frivillig å ta vaksinen?

All vaksinasjon i Noreg er frivillig.

Alle vaksinar har biverknad, dei fleste er milde og forbigåande. Me skal informere om korleis effekten er og kva biverknadar de godkjente vaksinane har, slik at alle sjølv kan ta et informert val.

Meir informasjon om koronavaksinen finn du på Folkehelseinstituttet si temaside.

Betaling

Regjeringa har bestemt at vaksinen blir gratis for dei som vert anbefalt å vaksinera seg.

Regjeringas hovudprioritet i vaksinearbeidet er å kunne tilby tidleg vaksinering av hele den vaksne befolkninga for å redusera alvorleg sjukdom og død.

Kva av vaksinetypane vil eg få?

Per no er det tre typer som er godkjent for bruk i Noreg. Alle vaksinane er frå 09.03.21 godkjent for bruk på alle grupper, over 18 år.

Comirnaty frå BioNTech/ Pfizer

COVID-19 Vaccine Moderna frå Moderna

Det er ikkje høve til å velje mellom vaksinetypane. Om ein vel å takke nei til den ein vaksine, vil ein ikkje få tilbod om anna vaksine.

Her kan du finne oppdatert informasjon om dei ulike vaksinane.

Reise til og frå vaksinering

Pasientreiser dekker ikkje reiseutgifter til vaksinasjon og test av covid-19.

Dersom transport til vaksinasjon er utfordrande, ber me om at du gir beskjed om ved innkalling.

Tysnes kommune si vaksinetelefonen

Vaksinetelefonen

Tlf: 909 55 010

Måndag - fredag, kl. 09:00 -14:00.

Vaksinetelefonen er ikkje bemanna heile tida - dersom me ikkje har høve til å svare når du ringjer, vil du bli ringt tilbake.

Husk at det vanlege råda for smittevern framleis gjeld og vil bli gjeldande i lang tid frametter.

Meir informasjon om koronavaksinen finn du på Folkehelseinstituttet si temaside.

Koronavaksine infoplakat