Koronainformasjon

Les mer
korona kvit bakgrunn

Koronainformasjon

Smittesituasjon i Tysnes kommune

Her vil me informere om smittesituasjonen i Tysnes. Me forventer at det vil komma fleire positive testar i tida framover, slik trenden også er i resten av landet. 

Påviste smittetilfeller dei siste dagane:
Onsdag 19. januar: 1
Torsdag 20. januar: 3
Fredag 21. januar: 5
Laurdag 22. januar: 4
Søndag 23. januar: 2
Måndag 24. januar: 0
Totalt påviste tilfeller dei siste 7 dagane: 15
Påviste tilfeller dei siste 14 dagane: 16
Sist oppdatert: 24. januar

Dette gjeld personar som har registrert bustadadresse i Tysnes kommune.

Me vil oppdatera informasjon om smitteutbrot på måndag, onsdag og fredag i tida framover, så lenge det ikkje kjem eit lokalt smitteutbrot som gjer at me treng hyppigare oppdateringar.

Nasjonale og lokale smitteverntiltak

Dei nasjonale smitteverntiltaka gjeld

Tysnes kommune har ingen føringar eller anbefalingar som går ut over dei nasjonale sitteverntiltaka. Det er ikkje noko i den lokale situasjonen per no som gjev trong for det.


Nasjonale tiltak som gjeld frå 14. januar (regjeringen.no)
 

Skule og barnehage på grønt nivå

Skule og barnehage er tilbake på grønt nivå. Dersom den lokale situasjonen endrar seg kan det bli aktuelt å bruke meir testing som verkemiddel - det er vurdert som ikkje naudsynt i situasjonen me er i no.

Vaksinestatus

I Tysnes kommune har me vaksinedekning litt over landsgjennomsnittet. Det er positivt, og me opplever stor oppslutning rundt koronavaksina.

Andel frå 18år og oppover som er vaksinert med 1. dose, per 14. januar
Tysnes 93,1%
Landsgjennomsnittet 92,8%

Fullvaksinerte (2. dose) over 18 år, per 14. januar
Tysnes: 91,9 %
Landsgjennomsnittet: 89,8 %

Luftvegssymptom

Det viktigaste no er at alle med nyopståtte eller uavklarte luftvegssymptom held seg heime og gjennomførar testing.

Omikron kan gje varierande symptombilete - einkvar forkjøling no skal vurderast som mogelig korona.

Kva skal du gjere viss du har nyoppståtte luftvegssymptom   (lenkje til flytskjema fhi.no)

Nærkontakt

Nærkontaktar er dei du har hatt følgande kontakt med dei siste 48 timane før dei fyrste symptoma på Covid-19:

  • mindre enn to meters avstand i meir enn 15 minuttar ELLER 
  • direkte fysisk kontakt ELLER 
  • direkte kontakt med sekret.

For personen som har testa positivt og ikkje har symptom, gjelde det frå tidspunkt ein vart testa.

Skilje mellom husstandsmedlem og nærkontaktar

Det er forskjellige reglar som gjeld for nærkontaktar som er husstandsmedlem eller tilsvarande nære, og for øvrige nærkontaktar:

Informasjon om karantene og isolasjon (lenkje til helsenorge.no)

Har du fått påvist korona?

Du må:


Informasjon til deg som har fått påvist korona   (lenkje til helsenorge.no)
 

Positiv hurtigtest

Du må:

 

Barnet mitt har ein positiv koronatest

Du må:

Dersom barnet har nærkontaktar i skule/barnehage, kan du kontakte rektor eller styrar for å få hjelp til å kartlegge og informere nærkontaktar.

Smittesporing

D har sjølv ansvar for å informera dine nærkontaktar.

Ved nærkontaktar i helse eller omsorgsinstitusjon eller dersom det er eit større miljø av nærkontaktar bør kommunen informerast: 53 43 70 00 / 53 43 70 80

Kven er nærkontakt?

  • mindre enn to meters avstand i meir enn 15 minuttar ELLER 
  • direkte fysisk kontakt ELLER 
  • direkte kontakt med sekret.

Informer skule og barnehage
Dersom barnet ditt har vore i skulen eller barnehagen og har nærkontaktar der, kan du ta kontakt med rektor eller styrar for å få hjelp til å kartlegge og informere nærkontaktar.

Meir informasjon

Pågang på telefonen til legekontoret har vore stor. Me ber derfor om at du som har spørsmål fyrst søkjer svar på FHI eller Helse Norge sine nettsider, eller her på Tysnes kommune si nettside.

Det er viktig at legekontoret sin telefonlinje er open for dei som har trong for medisinsk hjelp.

Lokal informasjon:
Tysnes.kommune.no/korona

Folkehelseinstituttet (FHI):
Generelle smittevernråd

Kva skal du gjere ved nyoppståtte luftvegssymptom

Påvist covid-19 eller nærkontakt

FHI sin Informasjonstelefon om koronavirus

HelseNorge:
Testing, symptom og smittevern

 


Har du spørsmål om vaksinering, eller til koronasituasjonen i kommunen kan du ringja: 53 43 70 00
 

Fant du det du såg etter?

Er det informasjon du saknar på denne sida, sett me pris på ein tilbakemlding på e-post: media-korona@tysnes.kommune.no

Pressekontakt

Pressekontakt:

Kåre Martin Kleppe
Ordførar

E-post: kaare.m.kleppe@tysnes.kommune.no
Tlf: 472 38 850