
Koronainformasjon
Smittesituasjon i Tysnes kommune
Her vil me informere om smittesituasjonen i Tysnes. Det har dei siste månadane vore rekordhøge smittetal i Tysnes kommune, men smitten har gått noko ned dei siste vekene.
Frå måndag 07. februar til og med søndag 28. mars: 944
Veke 7: 165
Veke 8: 230
Veke 9: 232
Veke 10: 137
Veke 11: 88
Veke 12: 44
Sist oppdatert: 29. mars
Dette gjeld personar som har registrert bustadadresse i Tysnes kommune. Me ber alle som har testa positivt på hurtigtest om å registrere dette her:
- Registrer det positive testenresultatet her (lenkje til "min side", innlogging med idporten)
Me vil oppdatera informasjon om smitteutbrot på måndag, onsdag og fredag i tida framover, så lenge det ikkje kjem eit lokalt smitteutbrot som gjer at me treng hyppigare oppdateringar.
Nasjonale og lokale smitteverntiltak
Dei nasjonale smitteverntiltaka gjeld
Tysnes kommune har ingen føringar eller anbefalingar som går ut over dei nasjonale sitteverntiltaka.
Positiv hurtigtest
- Du bør halde deg heime
- Du kan seie ifrå til folk rundt deg at du er sjuk
- Registrer positive sjølvtest her (lenkje til "min side", innlogging med idporten)
- Vurder om du er ein av dei som bør ta ein bekreftande PCR-test (lenkje)
Luftvegssymptom
Vaksne med nyopståtte eller uavklarte luftvegssymptom vert oppmoda om å halde seg heime og ta ein koronatest.
Barn med nyopståtte eller uavklarte luftvegssymptom bør haldast heime til dei har vore feberfri i 24 timar og er ved god allmentilstand.
Meir informasjon
Pågang på telefonen til legekontoret har vore stor. Me ber derfor om at du som har spørsmål fyrst søkjer svar på FHI eller Helse Norge sine nettsider, eller her på Tysnes kommune si nettside.
Det er viktig at legekontoret sin telefonlinje er open for dei som har trong for medisinsk hjelp.
Lokal informasjon:
Tysnes.kommune.no/korona
Folkehelseinstituttet (FHI):
Generelle smittevernråd
Kva skal du gjere ved nyoppståtte luftvegssymptom
Påvist covid-19 eller nærkontakt
FHI sin Informasjonstelefon om koronavirus
HelseNorge:
Testing, symptom og smittevern
Har du spørsmål om vaksinering, eller til koronasituasjonen i kommunen kan du ringja: 53 43 70 00
Fant du det du såg etter?
Er det informasjon du saknar på denne sida, sett me pris på ein tilbakemlding på e-post: media-korona@tysnes.kommune.no