25. nov. 2021 kl. 16:04

Koronainformasjon

Les mer
korona kvit bakgrunn

Koronainformasjon

Pågåande smitteutbrot

Me ser ein positiv utvikling i høve det pågande smitteutbrotet og ser at det er ferre positive koronaprøver.

Dei siste vekene har det vore stor testaktivitet, både med PCR-testar på legekontoret, og med hurtigtestar. Me vil oppmoda alle om fortsatt låg terskel for testing.

Gjeldande tiltak i kommunen

Skule og barnehage går frå gult til grønt beredsskapsnivå


Frå veke 48 går skulane og barnehagane over til grønt beredsskapsnivå.


Anbefalte smitteverntiltak

Kommunen går vekk frå den generelle anbefalinga om å utsetta treningar, samlingar og arrangement. Dette er bestemt utfrå:

  • Stor testaktivitet dei siste vekene har gjeve oss betre oversikt over smittesituasjonen i kommunen.
  • Nye smittetilfeller er no i hovudsak kjente nærkontaktar eller medlemmar av husstandar med påvist smitte.

Det aller viktigaste no er at alle med nyoppståtte eller uavklarte luftvegssymptom held seg heime og gjennomfører testing.

Arrangement:

  • Ved gjennomføring av arrangement bør ein syta for at det er muligheit for å halde avstand
  • Ha god tilgang på hånddesinfeksjon til alle gjester
  • Det bør oppmodast om at inviterte gjestar som har luftvegssymptom, er definert som nærkontakt eller høyrer til husstand med smitte, ikkje kjem på arrangementet

Me vil i tillegg komme med følgjande generelle anbefalingar:

  • Hald avstand til andre der det er mogelig i det offentlige rom, gjerne ein meter.
  • Vurder bruk av munnbind dersom det ikkje er høve til å holde minst ein meters avstand innandørs i det offentlige rom.
  • Vurder bruk av heimekontor når det er mogelig.
  • Reduser talet på nærkontaktar.

Vaksinering i kommunen

I Tysnes kommune har me vaksinedekning litt over landsgjennomsnittet. Det er positivt, og me opplever stor oppslutning rundt koronavaksina.

Fullvaksinerte over 18 år, per 18. november
Tysnes: 90,3 %
Landsgjennomsnittet: 87,4 %

Av ungdom 16 - 18 år tilhøyrande Tysnes kommune har alle fått tilbod om 2. vaksinedose.

Bestille time for vaksinering
Dersom du ikkje har fått koronavaksine og no ønskjer å vaksinere deg, kan du ta kontakt med legekontoret.

Ønskjer du å snakke med nokon før du bestemmer deg om du vil ta koronavaksine?
Me vil oppmoda deg om å ta kontakt med din fastlege for rettleiing.

3. vaksinedose

Tysnes kommune jobbar no med å kalle inn alle over 65 år med tilbod om 3. dose. Samstundes får helsepersonell i kommunen tilbod om ein 3. dose.

Dersom du er i målgruppa og ønskjer 3. dose, kan du avvente oppringning. Legekontoret reknar med å være ferdig med å kalle inn i aktuell målgruppe den 1. desember.

Klikk her for meir om vaksinering med 3. dose i Tysnes kommune.

 

Dersom du har time til vaksinering:

  • Du må vere frisk, ingen luftvegssymptom
  • Feberfri siste 24 timer
  • Det må ha gått minst ei veke dersom du har fått influensa vaksine
  • Dersom du er nærkontakt ber me om at du ringjer før du møter til vaksinering

Luftvegssymptom

Det aller viktigaste no er at alle med nyopståtte eller uavklarte luftvegssymptom held seg heime og gjennomførar testing.

Du kan finn FHI sitt flytskjema her: Kva skal du gjere viss du har nyoppståtte luftvegssymptom.

I samband med det pågåande smitteutbrotet vil me oppmoda alle om å ha låg terskel for testing.

Nærkontakt

Dei du har hatt kontakt med dei siste 48 timane før ein fekk dei fyste symptoma på covid-19. Dersom personen som har testa positivt ikkje har symptom, gjelde det frå tidspunkt ein vart testa.

No skill med mellom to kategoriar nærkontaktar:

  • husstandsmedlem eller tilsvarende nær
  • andre nærkontaktar

Nærkontakt - andre nærkontaktar

Fullvaksinert

Er du fullvaksinert eller har gjennomgått Covid-19 siste 12 månader, bør du følgja med på helsetilstanden din i 10 dagar. Ha låg terskel for å testa deg dersom du får symptom.

Uvaksinerte, delvaksinerte og barn

Er du uvaksinert eller delvaksinert, bør du ta ein test så snart du får beskjed om at du er annan nærkontakt.
Tar du ein sjølvtest som blir positiv, må du ta kontakt med kommunen.

Me vil oppmoda familliar med påviste korona om å følgje denne anbefalinga så langt det let seg gjere. Særskild der det er barn som er nærkontaktar.


Følgjande er kriteria for kontakt:

  • mindre enn to meters avstand i meir enn 15 minuttar ELLER 
  • direkte fysisk kontakt ELLER 
  • direkte kontakt med sekret. 

Nærkontaktar - husstandsmedlem eller tilsvarande nær

Fullvaksinerte
Viss du er fullvaksinert eller har gjennomgått covid-19 for mindre enn 12 månader sidan, bør du ta to testar. Den første kan takast straks, neste innan 7 dagar, fortrinnsvis mellom dag 3-5 etter at den smitta vart isolert.

Uvaksinerte, delvaksinerte og barn
Viss du er uvaksinert eller delvaksinert og over 18 år har du plikt til å testa deg med:

  • antigen-hurtigtest dagleg i sju dagar ELLER
  • PCR-test annankvar dag i sju dagar

Føresette avgjer om dei ønskjer at barn skal testast, men uvaksinerte og delvaksinerte under 18 år blir anbefalte same testregime som uvaksinerte over 18 år.

  • Du bør halda deg heime til du har svaret på første testen som er negativ
  • Ved å gjennomføra det anbefalte testregimet, kan du leva som normalt dersom du testar negativt.
  • Dersom du ikkje gjennomfører det anbefalte testregimet, bør du avstå frå kontakt med andre i 7 dagar.
  • Følg med på helsetilstanden din i 10 dagar. Får du symptom forenlege med covid-19 bør du testa deg, uavhengig av vaksinasjonsstatus, og halda deg heime.
  • Viss du testar positivt, må du vera i isolasjon og du må ta ein bekreftande PCR prøve på teststasjon.

Har du fått påvist koronasmitte?

Alle som har fått påvist koronasmitte er pålagt isolering.
 

Kartlegg og informer nærkontaktar

Du som er smitta eller har barn som er smitta, har sjølv ansvar for å informera dine nærkontaktar.

Kommunens smittesporingsenhet bør informerast om større miljø av andre nærkontaktar, som skuleklassar, idrettslag, slik at dei i samråd med deg kan vurdera korleis varsling av desse skal skje.

Følgjande er kriteria for kven som er nærkontaktar:

  • mindre enn to meters avstand i meir enn 15 minuttar ELLER 
  • direkte fysisk kontakt ELLER 
  • direkte kontakt med sekret.

Informerer skule og barnehage

Dersom barnet ditt har vore i skulen eller barnehagen og har nærkontaktar der, kan du ta kontakt med rektor eller styrar for å få hjelp til å kartlegge og informere nærkontaktar.

Påvist koronasmitte med hurtigtest

Alle som har fått påvist koronasmitte er pålagt isolering.


 Ved positiv heimetest, bør du bestille test hos legekontoret for å stadfeste resultatet.

Sjå informasjon lengre ned på sida for korleis du bestiller test på legekontoret.

Du er sjølv ansvarleg for å informera dine nærkontaktar. Her finn du meir informasjon om kven som vert rekna som nærkontaktar.

Barnet mitt har ein positiv koronatest

Alle som har fått påvist koronasmitte er pålagt isolering.


 Ved positiv heimetest, bør de bestille test hos legekontoret for å stadfeste resultatet.

Sjå informasjon lengre ned på sida for korleis du bestiller test på legekontoret.

Husstandsmedlem eller tilsvarande nær nærkontaktar skal følgje desse råda:

Fullvaksinerte
Viss du er fullvaksinert eller har gjennomgått covid-19 for mindre enn 12 månader sidan, bør du ta to testar. Den første kan takast straks, neste innan 7 dagar, fortrinnsvis mellom dag 3-5 etter at den smitta vart isolert.

Uvaksinerte, delvaksinerte og barn
Viss du er uvaksinert eller delvaksinert og over 18 år har du plikt til å testa deg med:

  • antigen-hurtigtest dagleg i sju dagar ELLER
  • PCR-test annankvar dag i sju dagar

Føresette avgjer om dei ønskjer at barn skal testast, men uvaksinerte og delvaksinerte under 18 år blir anbefalte same testregime som uvaksinerte over 18 år.

  • Du bør halda deg heime til du har svaret på første testen som er negativ
  • Ved å gjennomføra det anbefalte testregimet, kan du leva som normalt dersom du testar negativt.
  • Dersom du ikkje gjennomfører det anbefalte testregimet, bør du avstå frå kontakt med andre i 7 dagar.
  • Følg med på helsetilstanden din i 10 dagar. Får du symptom forenlege med covid-19 bør du testa deg, uavhengig av vaksinasjonsstatus, og halda deg heime.
  • Viss du testar positivt, må du vera i isolasjon og du må ta ein bekreftande PCR prøve på teststasjon.

Karlegg og informer nærkontaktar

Du som er smitta, eller har barn som er smitta, har sjølv ansvar for å informera dine «andre nærkontaktar».

Informer skule og barnehage

Dersom barnet ditt har vore i skulen eller barnehagen og har nærkontaktar der, kan du ta kontakt med rektor eller styrar for å få hjelp til å kartlegge og informere nærkontaktar.

Smittesporing

Ved påvist koronasmitte har du sjølv ansvar for å smittespore nærkontaktar utanfor husstanden.

Kommunens smittesporingsenhet bør informerast om større miljø av andre nærkontaktar, som skuleklassar, idrettslag, slik at dei i samråd med deg kan vurdera korleis varsling av desse skal skje.

Følgjande er kriteria for kven som er nærkontaktar:

  • mindre enn to meters avstand i meir enn 15 minuttar ELLER 
  • direkte fysisk kontakt ELLER 
  • direkte kontakt med sekret.

Informerer skule og barnehage
Dersom barnet ditt har vore i skulen eller barnehagen og har nærkontaktar der, kan du ta kontakt med rektor eller styrar for å få hjelp til å kartlegge og informere nærkontaktar.

Trenger du meir informasjon?

Pågang på telefonen til legekontoret har vore stor. Me ber derfor om at du som har spørsmål fyrst søkjer svar på FHI eller Helse Norge sine nettsider, eller her på Tysnes kommune si nettside.

Det er viktig at legekontoret sin telefonlinje er open for dei som har trong for medisinsk hjelp.

Lokal informasjon:
Tysnes.kommune.no/korona

Folkehelseinstituttet (FHI):
Generelle smittevernråd

Kva skal du gjere ved nyoppståtte luftvegssymptom

Påvist covid-19 eller nærkontakt

FHI sin Informasjonstelefon om koronavirus

HelseNorge:
Testing, symptom og smittevern

Finn du ikkje var på det du lurer på?

Er det informasjon du saknar på denne sida, sett me pris på ein tilbakemlding på e-post: media-korona@tysnes.kommune.no


Har du spørsmål om vaksinering, eller til koronasituasjonen i kommunen som du ikkje finner svar på her, kan du ta kontakt med kommunen via sentralbordet.

Telefon: 53 43 70 00

Bestille time for koronatest

Bestill time på nett:

Fortrinnsvis ber me om at du bestiller time for koronatest på www.HelseNorge.no.

HelseNorge.jpg  

 

Trykk på bilete for å komma til HelseNorge.
Bruk "Send en melding", det er ikkje mogeleg å bruke funksjonen "bestill en time".

 

Dersom du ikkje har høve til å bestille time på nett, kan du ringje til kommunen sitt sentralbordet: 53 43 70 00.

Tek du kontakt innan klokka 11:30, vil du få tilbod om testing samme dag.

Testing vert gjennomført frå klokka 13:00, i bil utanfor legekontoret.