20. nov. 2020 kl. 09:53

Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Hammer og spiker

Kompensasjon covid-19

Kommunal støttordning for lag og organisasjoner som har mista inntekter denne våren.

Tiltaka som har blitt satt i verk for å redusera smittefaren for covid-19, har teke vekk deler av inntektsgrunnlaget for lag og organisasjonar i kommunen.

Kommunestyret vedtok derfor 16.06.2020 å sette av kr. 100.000 som ei tilleggsløyving for lag og organisasjonar. I tillegg har Tysnes Kraftlag og Tysnes Sparebank gått inn med kr. 100.000 kvar. Potten er såleis på inntil kr. 300.000 til fordeling.

Kommunen har teke på seg å ta imot og vurdera søknadane på vegne av dei andre aktørane.

Midlane skal fordeles etter desse kriteria:

  1. Alle lag og organisasjonar med org.nr. tilhøyrande i Tysnes kommune kan søkje om dugnadstilskot. Materialkostnader blir ikkje dekt.
  2. Tiltak retta mot barn og unge vil bli prioritert.
  3. Det er høve til å drive dugnad på eigne anlegg/bygningar for lag og organisasjonar.
  4. Det er høve til å søkje om å utføre dugnad på leikeplasser/ballbingar og andre anlegg som kommunen eig.
  5. Til dugnad på kommunale anlegg og eigedomar kan kommunen dekke materialkostnader etter avtale.
  6. Det er høve til å plukka boss og rydde langs stiar og turvegar i nærmiljøet.
  7. Det er høve til å foreslå andre tiltak som vil forbetre nærmiljø og omgjevnader i kommunen.
  8. Dugnadane må gjennomførast i 2020.
  9. Sluttrapport og rekneskap må leverast innan 15. januar 2021.

Det vert bede om at organisasjonane gjer greie for tap og økonomisk status etter covid-19, dette er eit kriterium som i noko mon kan tilleggjast skjønnsmessig vekt.

Søknadsfrist er 31. august 2020.

Søknadsskjema PDF document ODT document