korona kvit bakgrunn

Kommunal kriseleiing 9.4

Ingen ny tilfelle med Covid-19 på Tysnes i veke 14

Det er ikkje påvist nye tilfelle med covid-19 på Tysnes.

Koronavaksinering

Tysnes kommune fekk 15 hetteglas i veke 14, og forventar 16 hetteglas i veke 15, med vaksine av typen Comirnaty.

Tysnes kommunen føl dei nasjonale prioriteringane for rekkjefølgja på kven som får tilbod om vaksine.

Gruppe 2: 85 år og eldre. Her er 86,5 % av kommunen sine innbyggjarar fullvaksinert. Det er i tillegg fleire som har fått fyste dose. Dersom det er nokon i denne gruppa som ikkje har fått tilbod om vaksine, ber me dei om å ta kontakt med legekontoret.

Gruppe 3: 75 – 84 år. Her har 82 % av innbyggjarane i kommune fått fyrste vaksinedose. Me jobbar no med å ferdigstille denne gruppa. Alle som får tilbod om vaksinering, vil bli kontakta av legekontoret per telefon.

Gruppe 4: 65 – 74 år + personar i alderen 18 – 64 år med ved sjukdom eller tilstander som gjev høg risiko ved smitte, som definert av FHI. Det er starta med vaksinering av denne gruppa i kommunen. Det har tidligare også vore fleire personar i denne gruppa som har fått tilbod om vaksine, før AstraZeneca vart godkjent til bruk for dei over 65 år.

I veke 15 vil me vaksinere både i gruppe 3 og gruppe 4.

Prioritering innad i gruppane

Det er ikkje systematikk i prioriteringane innad i gruppene. Dette er vurdert som lite hensiktsmessig resursbruk i høve til kva som er moglig med dei tekniske systema me bruker i kommunen.


Har du ikkje fått tilbod om vaksine?

 

Gruppe 2: 85 år og eldre. Har du ikkje fått tilbod om vaksine, ber me om at du tek kontakt med legekontoret.

Gruppe 3 og 4. Du vil bli kontakta med tilbod om vaksinering etter kvart som det blir din tur.

Legekontoret tek kontakt for å tilby vaksine per telefon. Dersom du ikkje har høve til å svare telefonen når Tysnes legekontor ringjer deg, ber me om at du ringjer tilbake til legekontoret, så snart som du kan.

Me ber dei i gruppe 3 og 4 om ikkje å ta kontakt med legekontoret for å etterspørje vaksinering. Slike spørsmål kan ikkje svarast meir konkret på legekontoret, og dei tek tid som heller bør brukast på pasientar.

Når legekontoret er ferdig med å kontakte ei gruppe, vil me gje beskjed om det her på heimesida. Dersom det då er nokon i den gruppa som ikkje har fått tilbod om vaksine, kan ein då ta kontakt.

Her kan du finne meir informasjon om FHI sin prioriteringsrekkjefølgje.


Dei nasjonale reglar og retningsliner

Smittetrykket er heldigvis lågt i Tysnes kommune. For at me skal halde det slik, er det viktig at me alle følgjer nasjonale smittevernråd og reglar.

Målet med dei nye nasjonale reglane og retningslinene er at me skal avgrense sosial kontakt og talet på nærkontaktar.

Du kan sjå regjeringas nye nasjonale smittevernreglar og råd her

Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert på nasjonale reglar og retningsliner som du kan finne på www.helsenorge.no/koronavirus, eller ved å følgje lenkja under:

HelseNorge.jpg

Lokale tiltak – bruk av munnbind

Det er den engelske mutasjonen av koronaviruset som er mest gjeldande i landet og regionen. Den engelske mutasjonen er både meir smittsam, og ser ut til å gjere fleire alvorleg sjuke.

På bakgrunn av dette kom smittevernlegen den 22. mars med følgjande ei lokal tilråding om bruk munnbind på butikkar og andre offentlege stadar dersom det er vanskelig å halde avstand til andre.

Status for dei einskilde tenesteområda i kommunen vert oppdatert her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune
 

Oppdatert informasjon kvar fredag innan kl. 16:00

 I samband med møter i KKL, vil me legge ut oppdatert informasjon på kommunen si heimeside kvar fredag, innan klokka 16:00.

Trong for møter i KKL vert vurdert løpande. Per no har KKL ein rådgjevande funksjon.

Neste planlagde oppdatering er fredag om ei veke. Dersom situasjonen i Tysnes kommune endrar seg, vil me publisere informasjon fortløpande.