Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
korona kvit bakgrunn

Kommunal kriseleiing 30.4

Ingen ny tilfelle med Covid-19 på Tysnes i veke 17

Det er ikkje påvist nye tilfelle med covid-19 på Tysnes.
 

Koronavaksinering

Tysnes kommune fekk 21 hetteglas med vaksine i veke 17, og forventar 15 hetteglas i veke 18.

Tysnes kommunen føl dei nasjonale prioriteringane for rekkjefølgja på kven som får tilbod om vaksine. Klikk her for meir informasjon om vaksinering i Tysnes kommune.


AstraZeneca

AstraZeneca-vaksinen vert per no ikkje brukt i det norske vaksinasjonsprogrammet. For dei som har fått fyrste dose med AstraZeneca-vaksinen vert det no jobba for å tilby dei andre vaksinedose, med ein anna mRNA-vaksine. Du kan lese meir i skriv frå FHI: Til deg so har fått fyrste dose av AstraZeneca-vaksinen.


Saknar du tilbod om vaksine?

Tysnes kommune skal no være ferdig med å tilby vaksine til alle over 85 år. Er du 85 år eller eldre og saknar tilbod om vaksine, ber me om at du tek kontakt med legekontoret.


I disse vekene jobbar legekontoret med å vaksinere i gruppe 3 og gruppe 4.

Gruppe 3: alle i alderen 75 - 84 år.

Gruppe 4: alle i alderen 65 - 74 år, og personar i alderen 18 - 64 år i risikogrupper definert av FHI.


Er du 65 år eller eldre, eller er du i ein risikogruppe?


Over 65 år (gruppe 3 og gruppe 4)

Du vil bli kontakta med tilbod om vaksinering etter kvart som det blir din tur.

Legekontoret tek kontakt per telefon for å tilby vaksine. Dersom du ikkje har høve til å svare telefonen når Tysnes legekontor ringjer deg, ber me om at du ringjer tilbake til legekontoret så snart du kan

Legekontoret jobbar no med mål om at alle over 65 år skal bli ringt med tilbod om vaksinering i løpet av dei to neste vekene. Me ber difor dykk i aldersgruppa 65 år og eldre om å avvente kontakt frå legekontoret før du etterspør vaksine – me vil kome med oppdatert informasjon når legekontoret er ferdig med å kontakte dei som er 65 år og eldre.


Risikogruppe (gruppe 4)

Du vil bli kontakta med tilbod om vaksinering etter kvart som det blir din tur.

Legekontoret tek kontakt per telefon for å tilby vaksine. Dersom du ikkje har høve til å svare telefonen når Tysnes legekontor ringjer deg, ber me om at du ringjer tilbake til legekontoret så snart du kan.


Saknar du tilbod om vaksine?

Me ber dei i gruppe 3 og 4 om ikkje å ta kontakt med legekontoret for å etterspørje vaksinering no. Legekontoret vil ta kontakt med deg etter kvart som det blir din tur, og slike telefonar tek tid som heller bør brukast på pasientar.

Når legekontoret er ferdig med å kontakte alle i ei gruppe, vil me informera om det her på heimesida. Per no gjeld det berre for dei som er 85 år eller eldre. Fram til det ber me om at du som er 84 år eller yngre ikkje tek kontakt for å etterspørre vaksine.

Her kan du finne meir informasjon om FHI sin prioriteringsrekkjefølgje.
  

Nasjonale reglar og retningsliner

Smittetrykket er heldigvis lågt i Tysnes kommune. For at me skal halde det slik, er det viktig at me alle følgjer nasjonale smittevernråd og reglar.

Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert på nasjonale reglar og retningsliner som du kan finne på www.helsenorge.no/koronavirus, eller ved å følgje lenkja under:

HelseNorge.jpg


Tysnes kommunen oppmodar om bruk av munnbind

Det er den engelske mutasjonen av koronaviruset som er mest gjeldande i landet og regionen. På bakgrunn av at den engelske mutasjonen er meir smittsam kom smittevernlegen den 22. mars med ei lokal tilråding om bruk munnbind på butikkar og andre offentlege stadar der det er vanskelig å halde avstand til andre.

 

Kommunale tenestetilbod

Status for dei einskilde tenesteområda i kommunen vert oppdatert her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune
 

Oppdatert informasjon kvar fredag innan kl. 16:00

I samband med møter i KKL, vil me legge ut oppdatert informasjon på kommunen si heimeside kvar fredag, innan klokka 16:00.

Trong for møter i KKL vert vurdert løpande. Per no har KKL ein rådgjevande funksjon.

Neste planlagde oppdatering er fredag om ei veke. Dersom situasjonen i Tysnes kommune endrar seg, vil me publisere informasjon fortløpande.