Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
korona kvit bakgrunn

Kommunal kriseleiing 24.03 - ekstra møte

Her er hovudpunkta frå møte i kommunal kriseleiing (KKL) fredag 24. mars

Det vart halde møte i kommunal kriseleiing (KKL) 24. mars grunna at regjeringa i går la fram nye reglar og retningsliner for smittevern. Dei nye reglane og retningslinene gjeld frå og med torsdag 25. mars, og foreløpig til 12. april.

Ingen ny tilfelle med Covid-19 på Tysnes i veke 12

Det er ikkje påvist nye tilfelle med covid-19 på Tysnes.

Nye nasjonale reglar og retningsliner

Smittetrykket er heldigvis lågt i Tysnes kommune, på tross av to påviste tilfelle med koronasmitte og mutert virus i veke 11. For at me skal halde det slik, er det viktig at me alle følgjer nasjonale smittevernråd og reglar.

Målet med dei nye nasjonale reglane og retningslinene er at me skal avgrense sosial kontakt og talet på nærkontaktar.

Du kan sjå regjeringas nye nasjonale smittevernreglar og råd her

Heimekontor

Tysnes kommune følgjer regjeringa sitt forskriftskrav om at arbeidsgjevar skal sikre at tilsette arbeider på heimekontor så langt det er mogleg.

Dei fleste tilsette på rådhuset kan utføre sine oppgåver på heimekontor. Rådhuset vil derfor ha redusert bemanning.

Dersom du har trong for å kome i kontakt med ein sakshandsammar ber me om at du ringjer eller sender ein e-post.

Sjå meir informasjon om tenestetilboda i kommunen her

To meter avstand

Fordi den meir smittsamme engelske mutasjonen av koronaviruset no er dominerande i landet, har det nasjonale avstandskravet auka frå ein til to meter.

Lokale tiltak – bruk av munnbind

Dei to personane som fekk påvist korona i veke 11 var smitta med den engelske mutasjonen av koronaviruset. Den engelske mutasjonen er både meir smittsam, og ser ut til å gjere fleire alvorleg sjuke.

På bakgrunn av dette kom smittevernlegen den 22. mars med følgjande lokal tilråding:

  • Planlagde årsmøter før og i påsken vert utsett, eller gjennomført digitalt.
  • Bruk munnbind på butikkar og andre offentlege stadar dersom det er vanskelig å halde avstand til andre.

Påske

Hytteturistar er velkomne til Tysnes i påska, så lenge ein tek nødvendig smittevernomsyn.

Me vil minne om at det er alltid er dei strengaste reglane og anbefalingar som gjeld. Hytteturistar som kjem frå kommunar med strengare smittevernreglar skal følgje disse, også når ein oppheld seg på Tysnes.

Oppdatert informasjon

Det er ikkje planlagt for møte i KKL fyrstkommande fredag eller i påskeveka.

Neste planlagde møte er fredag 9. mars. Dersom situasjonen i Tysnes kommune endrar seg, vil me publisere informasjon fortløpande.