korona kvit bakgrunn

Kommunal kriseleiing 23.4

Ingen ny tilfelle med Covid-19 på Tysnes i veke 16

Det er ikkje påvist nye tilfelle med covid-19 på Tysnes.
 

Koronavaksinering

Tysnes kommune fekk 14 hetteglas med vaksine i veke 16, og forventar 21 hetteglas i veke 17.

Tysnes kommunen føl dei nasjonale prioriteringane for rekkjefølgja på kven som får tilbod om vaksine. Klikk her for meir informasjon om vaksinering i Tysnes kommune.

 

Saknar du tilbod om vaksine?

Tysnes kommune skal no være ferdig med å tilby vaksine til alle over 85 år. Er du 85 år eller eldre og saknar tilbod om vaksine, ber me om at du tek kontakt med legekontoret.


I disse veken jobbar legekontoret med å vaksinere i gruppe 3 og gruppe 4.

Gruppe 3: alle i alderen 75 - 84 år.

Gruppe 4: alle i alderen 65 - 74 år, og personar i alderen 18 - 64 år i risikogrupper definert av FHI.


Er du 65 år eller eldre, eller er du i ein risikogruppe?

Du vil bli kontakta med tilbod om vaksinering etter kvart som det blir din tur.

Legekontoret tek kontakt per telefon for å tilby vaksine. Dersom du ikkje har høve til å svare telefonen når Tysnes legekontor ringjer deg, ber me om at du ringjer tilbake til legekontoret så snart du kan.

Me ber dei i gruppe 3 og 4 om ikkje å ta kontakt med legekontoret for å etterspørje vaksinering. Legekontoret har ikkje høve til å svare på kva tid du vert kalla inn, og slike spørsmål tek tid som heller bør brukast på pasientar.

Når legekontoret er ferdig med å kontakte alle i gruppe 3 og gruppe 4, vil me informera om det her på heimesida. Fram til da, ber me om at du som er under 84 år ikkje tek kontakt for å etterspørre vaksine.

Her kan du finne meir informasjon om FHI sin prioriteringsrekkjefølgje.
 

17. mai

17. mai vert å rekna som eit utandørsarrangement og må følgje dei nasjonale reglane for dette. Per no er det eit makstak på 200 personar på utandørsarragement. Det er krav til påmelding og til å føre liste over deltakarar. Avstandskravet på 1 meter må overhaldast.

 

Dei nasjonale reglar og retningsliner

Smittetrykket er heldigvis lågt i Tysnes kommune. For at me skal halde det slik, er det viktig at me alle følgjer nasjonale smittevernråd og reglar.

Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert på nasjonale reglar og retningsliner som du kan finne på www.helsenorge.no/koronavirus, eller ved å følgje lenkja under:

HelseNorge.jpg


Lokale tiltak – bruk av munnbind

Det er den engelske mutasjonen av koronaviruset som er mest gjeldande i landet og regionen. På bakgrunn av at den engelske mutasjonen er meir smittsam kom smittevernlegen den 22. mars med ei lokal tilråding om bruk munnbind på butikkar og andre offentlege stadar dersom det er vanskelig å halde avstand til andre.

Status for dei einskilde tenesteområda i kommunen vert oppdatert her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune
 

Oppdatert informasjon kvar fredag innan kl. 16:00

I samband med møter i KKL, vil me legge ut oppdatert informasjon på kommunen si heimeside kvar fredag, innan klokka 16:00.

Trong for møter i KKL vert vurdert løpande. Per no har KKL ein rådgjevande funksjon.

Neste planlagde oppdatering er fredag om ei veke. Dersom situasjonen i Tysnes kommune endrar seg, vil me publisere informasjon fortløpande.