Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
korona kvit bakgrunn

Kommunal kriseleiing 22.01

Her er hovudpunkta frå møte i kommunal kriseleiing (KKL) fredag 22. januar

Ingen lokal smitte på Tysnes

Det er ingen nye tilfelle med covid-19 på Tysnes. Legekontoret melder at dei gjennomfører testing på om lag 6-7 personar per dag.

Koronavaksine

Koronavaksineringen i kommunen går som forventa. Tysnes kommune skal få seks hetteglas med vaksine i veke 4, og fem hetteglas i veke 5.

I veke 4 vil me starte opp med andre dose for bebuarane på omsorgssenteret.

Tysnes kommune har takka ja til å ta i mot vaksiner frå AztraZeneca. Dette vil kunne auke farten på vaksineringa.

Du kan finne oppdatert informasjon om koronavaksinering i kommunen her: Koronavaksine i Tysnes kommune

Informasjon om koronavaksine frå Folkehelseinstituttet finn du her: FHI om koronavaksineprogrammet

Servering av alkohol

Dei nye nasjonale reglane opnar for alkoholservering i samband med matservering fram til klokka 24:00. Alkoholservering skal berre skje i samband med matservering, og gjestar skal ikkje sleppast inn etter 22:00.

Me ser at det kan være utforande å tolke reglane om alkoholservering i samband med matservering. Kommunen har utarbeide ei rettleiing til dei som har sjenkeløyve i kommunen.

Ungdomsskulen

Ungdomstrinnet har sidan onsdag 20.01.21 vore tilbake på gult beredskapsnivå.

Tiltak i Tysnes kommune

I tråd med at regjeringa opna opp for aktiviteter for barn og unge, vart det opna for organisert idrett i Tysneshallen frå 20. januar. Bassenget held steng grunna fram til utfordringane med fryste røyr er løyst.

Me viser til at nasjonale reglar og retningslinene i sin heilhet også gjeld for Tysnes kommune. Oppdatert informasjon kan du finne på www.helsenorge.no/koronavirus, eller ved å følgje lenkja under:

HelseNorge.jpg

Status for dei einskilde tenesteområda i kommunen vert oppdatert her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune

Oppdatert informasjon kvar fredag innan kl. 16:00

I samband med møter i KKL, vil me frametter legge ut oppdatert informasjon på kommunen si heimeside kvar fredag, innan klokka 16:00.

Trong for møter i KKL vert vurdert løpande. Per no har KKL ein rådgjevande funksjon.

Neste planlagde oppdatering er fredag om ei veke. Dersom situasjonen i Tysnes kommune endrar seg, vil me publisere informasjon fortløpande.