Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
korona kvit bakgrunn

Kommunal kriseleiing 21.5.

Her er hovudpunkta frå møtet i kommunal kriseleiing (KKL), fredag 21.mai.

Ingen ny tilfelle med Covid-19 på Tysnes i veke 20

Det er ikkje påvist nye tilfelle med covid-19 på Tysnes.

 

Testing

Legekontoret melder om fallande tal på personar som tek kontakt for koronatesting. Me vil minne om at det er viktig at alle testar seg ved symptom på luftvegssjukdom. Dette gjeld også for dei som har fått fyrste dose med vaksine, og dei som er fullvaksinert. 

 

Ny nasjonal vaksinestrategi

Tysnes kommune har vurdert det slik at me skal ha kapasitet til å gjennomføra meir vaksinering i slutten av juli og såleis er i stand til å handtere det som følgjer av endringar i nasjonal vaksinestrategi. Dette betyr også at innbyggjarar må vera førebudd på at fleire vert kalla inn til vaksinering i dette tidsrommet. Me har ennå ikkje fått noko talmessig oversikt over kor mange doser me vil få i dei ulike periodane.

 

Framdrift i vaksineringa

Me vurderer oss no om lag ferdig med fyrste dose for aldersgruppa over 65 år, dersom det er slik at du ikkje ennå har motteke innkalling til første dose ber me om at du tek kontakt.    37,5 % av innbyggjarane våre har no fått første dose, 16,4 % er fullvaksinerte.

 

Fullvaksinering av dei som har fått fyrste dose med AztraZeneca

I veke 21 vert dei som har fått fyrste dose med AztraZeneca vaksinert med andre dose av MRNA vaksine. Dette kjem i tillegg til dei ordinære dosane med får tildelt til veka, i praksis betyr dette at det vert gjennomført noko fleire vaksinering enn normalt i neste veke.

 

Endringar i tilrådde vaksineintervall

Fram til no har det vore slik at det er lagt opp 6 vekers intervall mellom dose 1 og dose 2, dette er no endra til eit intervall på 12 veker for personar under 65 år som ikkje har underliggjande sjukdom. For andre skal det framleis vera 6 vekers intervall. For personar som var vaksinert før veke 20 kan det framleis verta kalt inn etter 6 veker for dose 2.

 

Anna informasjon:
Me viser elles til nasjonale smittevernstiltak og ønskjer alle ei god pinsehelg!