korona kvit bakgrunn

Kommunal kriseleiing 16.4

Her er hovudpunkta frå møte i kommunal kriseleiing (KKL) fredag 16. april.

Ingen ny tilfelle med Covid-19 på Tysnes i veke 15

Det er ikkje påvist nye tilfelle med covid-19 på Tysnes.
 

Koronavaksinering

Tysnes kommune fekk 16 hetteglas med vaksine i veke 15, og forventar 14 hetteglas i veke 16 og 21 hetteglas i veke 17.

Tysnes kommunen føl dei nasjonale prioriteringane for rekkjefølgja på kven som får tilbod om vaksine. Klikk her for meir informasjon om vaksinering i Tysnes kommune.

 

Saknar du tilbod om vaksine?

Gruppe 2: 85 år og eldre. Har du ikkje fått tilbod om vaksine, ber me om at du tek kontakt med legekontoret.

Gruppe 3 og 4. Du vil bli kontakta med tilbod om vaksinering etter kvart som det blir din tur.

Legekontoret tek kontakt for å tilby vaksine per telefon. Dersom du ikkje har høve til å svare telefonen når Tysnes legekontor ringjer deg, ber me om at du ringjer tilbake til legekontoret, så snart som du kan.

Me ber dei i gruppe 3 og 4 om ikkje å ta kontakt med legekontoret for å etterspørje vaksinering. Slike spørsmål kan ikkje svarast meir konkret på legekontoret, og dei tek tid som heller bør brukast på pasientar.

Når legekontoret er ferdig med å kontakte ei gruppe, vil me gje beskjed om det her på heimesida. Dersom det då er nokon i den gruppa som ikkje har fått tilbod om vaksine, ber me om at ein tek kontakt.

Her kan du finne meir informasjon om FHI sin prioriteringsrekkjefølgje.

 

Dei nasjonale reglar og retningsliner

Smittetrykket er heldigvis lågt i Tysnes kommune. For at me skal halde det slik, er det viktig at me alle følgjer nasjonale smittevernråd og reglar.

Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert på nasjonale reglar og retningsliner som du kan finne på www.helsenorge.no/koronavirus, eller ved å følgje lenkja under:

HelseNorge.jpg

Lokale tiltak – bruk av munnbind

Det er den engelske mutasjonen av koronaviruset som er mest gjeldande i landet og regionen. På bakgrunn av at den engelske mutasjonen er meir smittsam kom smittevernlegen den 22. mars med ei lokal tilråding om bruk munnbind på butikkar og andre offentlege stadar dersom det er vanskelig å halde avstand til andre.

Status for dei einskilde tenesteområda i kommunen vert oppdatert her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune
 

Oppdatert informasjon kvar fredag innan kl. 16:00

I samband med møter i KKL, vil me legge ut oppdatert informasjon på kommunen si heimeside kvar fredag, innan klokka 16:00.

Trong for møter i KKL vert vurdert løpande. Per no har KKL ein rådgjevande funksjon.

Neste planlagde oppdatering er fredag om ei veke. Dersom situasjonen i Tysnes kommune endrar seg, vil me publisere informasjon fortløpande.