Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
korona kvit bakgrunn

Kommunal kriseleiing 15.01

Her er hovudpunkta frå møte i kommunal kriseleiing (KKL) fredag 15. januar

Ingen lokal smitte på Tysnes

Det er ingen nye tilfelle med covid-19 på Tysnes. Tysnes kommune har testa ein nærkontakt som sit i karantene i sin eigen heim. Det forventas ikkje noko lokalt utbrott i samband med dette.

Koronavaksine

Alle bebuarane på Tysnes omsorgssenter har fått sin fyrste vaksinedose.

Du kan finne oppdatert informasjon om koronavaksinering i kommunen her: Koronavaksine i Tysnes kommune

Informasjon om koronavaksine frå Folkehelseinstituttet finn du her: FHI om koronavaksineprogrammet

Aktiviteter for barn

Tysnes kommune er oppteke av at tilbod til barn og unge skal oppretthaldast så langt som mogleg. Treffstaden har vore stengt no – og ungdommane har fått alternative tilbod. I samråd med smittevernlege skal tilbodet på Treffstaden no opnast igjen.

Ungdomsskulen

Ungdomstrinnet er på raud beredskapsnivå etter pålegg frå regjeringa. Kommunen er førespegla oppdatering om smittevern i skulane tysdag 19. januar. Fram til da vil me oppretthalde raudt nivå i tråd med forsterka nasjonalt smitteverntiltak.

Småskulen, mellomtrinnet og barnehagane er framleis på gult nivå.

Tiltak i Tysnes kommune

I tråd med råda i forsterka nasjonalt smitteverntiltak er Tysneshallen og bassenget stengt for andre enn skulen, fram til 18. januar. Me venter nye retningsliner frå regjeringa i neste veke. Tysnes kommune er klare for å opne for bruk av Tysneshallen og bassenget i neste veke, med mindre det kjem pålegg om å ikkje opne for organisast idrett.

Me viser til at nasjonale reglar og retningslinene i sin heilhet også gjeld for Tysnes kommune. Oppdatert informasjon kan du finne på www.helsenorge.no/koronavirus, eller ved å følgje lenkja under:

HelseNorge.jpg

Status for dei einskilde tenesteområda i kommunen vert oppdatert her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune

Oppdatert informasjon kvar fredag innan kl. 16:00

I samband med møter i KKL, vil me frametter legge ut oppdatert informasjon på kommunen si heimeside kvar fredag, innan klokka 16:00.

Trong for møter i KKL vert vurdert løpande. Per no har KKL ein rådgjevande funksjon.

Neste planlagde oppdatering er fredag om ei veke. Dersom situasjonen i Tysnes kommune endrar seg, vil me publisere informasjon fortløpande.