27. nov. 2020 kl. 14:50

Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
korona kvit bakgrunn

Kommunal kriseleiing 13.11

Her er hovudpunkta frå møte i kommunal kriseleiing (KKL) fredag 13. november

Ingen lokal smitte på Tysnes

Det er ingen nye tilfelle med covid-19 på Tysnes. Testkapasiteten er god og legekontoret melder at dei testar mellom 15 og 25 personar dagleg.

Hurtigtestar

Det har kome fram i media at hurtigtestane kan gje eit mindre påliteleg resultat enn fyrst antatt. Me vil difor informera om at Tysnes kommune ikkje har brukt hurtigtestane aleine – ved dei høva Tysnes kommune har nytta seg av hurtigtes, er det alltid gjennomført ein ordinær test i tillegg.

Ingen lokale tiltak per no

Det er ingen lokale tiltak eller retningsliner i Tysnes kommune no.

Me viser til at nasjonale reglar og retningslinene i sin heilhet også gjeld for Tysnes kommune. Oppdatert informasjon finst på www.helsenorge.no/koronavirus, eller ved å følgje lenka under:

HelseNorge.jpg

Tiltak internt i kommunen

Status for dei einskilde tenesteområda i kommunen vert oppdatert her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune

Oppdatert informasjon kvar fredag innan kl. 16:00

I samband med møter i KKL, vil me frametter legge ut oppdatert informasjon på kommunen si heimeside kvar fredag, innan klokka 16:00. Møter i KKL vert halde fredagar frametter. Per no har KKL ein rådgjevande funksjon.

Neste planlagde oppdatering er fredag om ei veke. Dersom situasjonen i Tysnes kommune endrar seg, vil me publisere informasjon fortløpande.