
Kommunal kriseleiing 12.02
Her er hovudpunkta frå møte i kommunal kriseleiing (KKL) fredag 12. februar
Ingen lokal smitte på Tysnes
Det er ingen nye tilfelle med covid-19 på Tysnes. Det har var ein liten auke i talet på personar som vart testa for covid-19 i veke 6. Da vart det i gjennomsnitt testa 12-13 personar daglig.
Koronavaksine
Koronavaksineringen i kommunen går som forventa.
Tysnes kommune fekk 10 hetteglas med vaksine i veke 5, og forventar 10 hetteglas i veke 6. Cirka 20 % av dosane vert gitt til helsepersonell i kommunen. I Tysnes kommune har dei tilsette på legekontoret fått sin fyrste dose, i tillegg vert helsepersonell som jobbar på Tysnes omsorgssenter prioritert.
Vaksinering etter innkalling i bedehuset i Våge starta opp i veke 6. Det er sendt innkalling til dei som skal møta der.
Du kan finne informasjon om koronavaksinering i kommunen her: Koronavaksine i Tysnes kommune
Informasjon om koronavaksine frå Folkehelseinstituttet finn du her: FHI om koronavaksineprogrammet
Vurdering av risikonivå i kommunen
Kommunane utarbeidar kvar veke ei risikovurdering ut frå det lokale smitte- og vaksinasjonsbiletet.
Risikonivå i Tysnes kommune i veke 6 er vurdert til å være på nivå 1. Her kan du sjå eigen informasjon om lokal smitterisikovurdering i i Tysnes kommune.
Tiltak i Tysnes kommune
Lokale tilrådingar
Tysnes kommune har kome med lokale tilrådingar i høve smittesituasjonen i kommunane rundt oss som er definert som ring 1 og ring 2 kommunar. Tilrådingane gjeld i same tidsrom som dei nasjonale tiltaka i kommunane rundt oss gjelder, i fyste omgang til sundag 14.02.21 kl 18:00. Dersom dei nasjonale tiltaka i kommunane rundt oss vert vidareført, vert også Tysnes kommune sine tilrådingar vidareført.
Her kan du sjå dei lokale tilrådingane i Tysnes kommune.
Leirskule
Den planlagde leirskule for elevane på 8. trinn på Voss i veke 7 vert utsatt. Voss er per no definert som ein ring 2 kommune, med dei tiltak det gjev. Dersom leirskulen skulle vore gjennomført med låg smitterisiko, ser ein at noko av føremålet med leireskule vil gå tapt. Leirskuleopphald skal gje elevane gode rammer for utviklikning av sosial kompetanse, evne til samarbeid og meistring. Med dette som bakteppe vert det vurdert som mest føremålstenleg å utsetja leirskuleopphaldet til ei tid med færre restriksjonar.
Praksiselevar
Tysnes kommune ønskjer å legge til rett for å ta i mot praksiskandidatar, også elevar frå ring 1 og ring 2.
Besøk på Tysnes omsorgssenter
Mange av bebuarane på Tysnes omsorgssenter har fått to dosar med vaksine, men det gjeld ikkje alle. Etter kvart som alle bebuarane er fullvaksinert – 1-2 veker etter at alle har fått sin andre vaksinedose, vil me følgje nasjonale retningsliner og opne meir opp for besøk på Tysnes omsorgssenter. Tysnes kommune har ikkje vore i ein smittesituasjon som har påtvinga oss dei strengaste restriksjonane i høve besøk på omsorgssenteret, og allereie no er det gjort nokon lempingar på gjennomføring av besøk. Gjeldande tiltak kan du sjå her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune
Nasjonale reglar og retningslinene
Me viser elles til at nasjonale reglar og retningslinene i sin heilhet også gjeld for Tysnes kommune. Oppdatert informasjon kan du finne på www.helsenorge.no/koronavirus, eller ved å følgje lenkja under:
Status for dei einskilde tenesteområda i kommunen vert oppdatert her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune
Oppdatert informasjon kvar fredag innan kl. 16:00
I samband med møter i KKL, vil me legge ut oppdatert informasjon på kommunen si heimeside kvar fredag, innan klokka 16:00.
Trong for møter i KKL vert vurdert løpande. Per no har KKL ein rådgjevande funksjon.
Neste planlagde oppdatering er fredag om ei veke. Dersom situasjonen i Tysnes kommune endrar seg, vil me publisere informasjon fortløpande.