Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
korona kvit bakgrunn

Kommunal kriseleiing 11.5

Ingen ny tilfelle med Covid-19 på Tysnes

Det er ikkje påvist nye tilfelle med covid-19 på Tysnes.

Testing

Legekontoret melder om fallande tal på personar som tek kontakt for koronatesting. Me vil minne om at det er viktig at alle testar seg ved symptom på luftvegssjukdom. Dette gjeld også for dei som har fått ein dose med vaksine, og dei som er fullvaksinert. 

Koronavaksinering

Tysnes kommunen føl dei nasjonale prioriteringane for rekkjefølgja på kven som får tilbod om vaksine. Klikk her for meir informasjon om vaksinering i Tysnes kommune

Saknar du tilbod om vaksine?

Tysnes kommune skal no være ferdig med å tilby vaksine til alle over 85 år. Er du 85 år eller eldre og saknar tilbod om vaksine, ber me om at du tek kontakt med legekontoret.
 

Her finn du informasjon til deg som er yngre enn 85 år og ventar på vaksine.

 

Nasjonale reglar og retningsliner

Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert på nasjonale reglar og retningsliner som du kan finne på www.helsenorge.no/koronavirus, eller ved å følgje lenkja under:

HelseNorge.jpg


Lokale tiltak – bruk av munnbind

Det er den engelske mutasjonen av koronaviruset som er mest gjeldande i landet og regionen. På bakgrunn av at den engelske mutasjonen er meir smittsam kom smittevernlegen den 22. mars med ei lokal tilråding om bruk munnbind på butikkar og andre offentlege stadar dersom det er vanskelig å halde avstand til andre.

Status for dei einskilde tenesteområda i kommunen vert oppdatert her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune
 

Oppdatert informasjon vidare

Møte i KKL fredag 14. mai utgår. Neste planlagde møte er fredag 21. mai.

I samband med møter i KKL, vil me legge ut oppdatert informasjon på kommunen si heimeside.

Trong for møter i KKL vert vurdert løpande. Per no har KKL ein rådgjevande funksjon.

Neste planlagde oppdatering er fredag om ei veke. Dersom situasjonen i Tysnes kommune endrar seg, vil me publisere informasjon fortløpande.