22. jan. 2021 kl. 15:38

Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
korona kvit bakgrunn

Kommunal kriseleiing 08.01

Her er hovudpunkta frå møte i kommunal kriseleiing (KKL) fredag 08. januar

Ingen lokal smitte på Tysnes

Det er ingen nye tilfelle med covid-19 på Tysnes.

Koronavaksine

Dei fyste 10 vaksinane i kommunen er gitt. Etter planen skal alle bebuarane på Tysnes omsorgssenter ha fått sin fyrste vaksinedose i løpet av neste veke.

Frå veke 3 vil me begynne å vaksinere risikogrupper etter innkalling i bedehuset i Våge. Dei som ikkje har helsa til å kome til bedehuset, vil få tilbod om å få satt vaksinen heime.

Du kan finne oppdatert informasjon om koronavaksinering i kommunen her: Koronavaksine i Tysnes kommune

Informasjon om koronavaksine frå Folkehelseinstituttet finn du her: FHI om koronavaksineprogrammet

Tiltak i Tysnes kommune

I tråd med forsterka nasjonalt smitteverntiltak er Tysneshallen og bassenget steng for andre enn skulen fram til 18. januar. Biblioteket vil halde opent.

På bakgrunn av regjeringa si oppmoding om nytte heimekontor og å unngå sosial kontakt, vil tilsette på rådhuset som har høve til det, jobbe frå heimekontor. Dette gjeld for dei som kan utføre si arbeide sitt utan å være på rådhuset. Tenestenivået skal i utgangspunktet opprethaldast.

Rådhuset vil halde ope. Men me oppmodar om å ta kontakt per telefon eller e-post, dersom problemstillinga kan løysast slik. Me har òg høve til å halde videomøter.

Status for dei einskilde tenesteområda i kommunen vert oppdatert her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune

Me viser til at nasjonale reglar og retningslinene i sin heilhet også gjeld for Tysnes kommune. Oppdatert informasjon kan du finne på www.helsenorge.no/koronavirus, eller ved å følgje lenkja under:

HelseNorge.jpg


Oppdatert informasjon kvar fredag innan kl. 16:00

I samband med møter i KKL, vil me frametter legge ut oppdatert informasjon på kommunen si heimeside kvar fredag, innan klokka 16:00.

Trong for møter i KKL vert vurdert løpande. Per no har KKL ein rådgjevande funksjon.

Neste planlagde oppdatering er fredag om ei veke. Dersom situasjonen i Tysnes kommune endrar seg, vil me publisere informasjon fortløpande.