27. nov. 2020 kl. 14:50

Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
korona kvit bakgrunn

Kommunal kriseleiing 06.11

Her er hovudpunkta frå møte i kommunal kriseleiing (KKL) fredag 06. november

Ingen lokal smitte på Tysnes

Det er ingen nye tilfelle med covid-19 på Tysnes. Alle nærkontaktane som var i karantene etter tilfella førre veke, har testa negativt.

Ingen lokale tiltak per no

Det er ingen lokale tiltak eller retningsliner i Tysnes kommune no. Med bakgrunn i at det ikkje er lokal smitte på Tysnes, vurderer KKL at det er tid til å involvere dei som eventuelle tiltak vedkjem, før lokale tiltak vert bestemt.

Me viser til at nasjonale reglar og retningslinene i sin heilhet også gjeld for Tysnes kommune. Oppdatert informasjon finst på www.helsenorge.no/koronavirus, eller ved å følgje lenka under:

HelseNorge.jpg

Tiltak i kringliggande kommunar

Me ser at fleir av våre kringliggande kommunar har tiltak som også kan påverka oss på Tysnes. Eit døme er at nokon kommunar anbefaler eller kjem med påbod om bruk av heimekontor for alle som kan. Det er enda uvist om påbodet om heimekontor frå Bergen kommune vil gå ut til arbeidsplassane i Bergen, eller om det vil bli formulert som eit generelt påbod til alle Bergen sine innbyggjarar. Her må dei som eventuelt vert påverka av lokale påbod, rette seg etter desse.

Konserter og arrangement: må sjå til dei nasjonale reglane og retningslinene

Alle nasjonale tiltak gjelder også for Tysnes. Det er per no ingen lokale tiltak på Tysnes.

Dersom arrangørar har trong for hjelp til å vurdere om, eller korleis, planlagde arrangement kan gjennomførast ut frå dei nasjonale reglane og retningslinene, kan ein rådføre seg med smittevernlege. Spørsmål til smittevernlege kan sendast på e-post: korona-beredskap@tysnes.kommune.no

Tiltak internt i kommunen

Status for dei einskilde tenesteområda i kommunen vert oppdatert her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune

Oppdatert informasjon kvar fredag innan kl. 16:00

I samband med møter i KKL, vil me frametter legge ut oppdatert informasjon på kommunen si heimeside kvar fredag, innan klokka 16:00. Møter i KKL vert halde fredagar frametter. Per no har KKL ein rådgjevande funksjon.

Neste planlagde oppdatering er fredag om ei veke. Dersom situasjonen endrar seg, vil me publisere informasjon fortløpande.