Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
covid-19

Karanteneplikt for Tysnes kommune sine tilsette

På bakgrunn av smittesituasjonen i Nordre Follo og omegn iverksett Tysnes kommune karanteneplikt som tiltak ovanfor eigne tilsette som har reise i Oslo, Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Nordre Follo, Vestby, Våler og Ås.

For tilsette som har hatt opphald i desse kommunane vert det stilt krav om 10 dagars karantene. Karantenetida er framleis arbeidstid og det vert føresett at det vert freista å finna oppgåver som kan vera eigna for å utføra frå heimekontor.

Karantene gjeld for alle tilsette. Unntak frå karantene kan gjevast etter konkret vurdering opp mot behov i tenesta, i samråd med kommuneoverlegen.