Fyrste veka i desember er i gong. Fint og flott ver i starten av veka, men på torsdag var det så mykje vind at me vart igjen på Gjerstad.

Fisken glimrer fortsatt med sitt fråvær, ingenting i garnet denne veka, men me har veldig lyst på torsk, så krysser fingrane for neste veke. 
Ein av gutane fekk ei lita lyr på fiskestanga den stekte me på bålet og åt, veldig godt!

Både tysdag og onsdag brukte med minidumperen Knut og kjørte ved til scenen. Område kor me skal lage frukt- og grønsakshage må bli lysare når våren kjem.

Hønene har faktisk lagt litt egg denne veka, hurra.

God helg!