Svangerskapsoppfølging


Den fyrste konsultasjonen for deg som er gravid er i veke 6 – 12. Du bør difor ta kontakt med jordmor tideleg i svangerskapet.
 

Gratis tilbod

Alle gravide har rett til svangerskapsomsorg hos jordmor på helsestasjon. Du kan velje om du vil gå til fastlegen din eller jordmor. Tilbodet er gratis, og skal sørje for at du får råd og rettleiing, slik at både du og barnet har det best mogleg.

Jordmor føl deg gjennom svangerskapet, og henviser deg til ultralyd, lege og til spesialisthelsetenesta ved behov.

Du finn meir informasjon om dei ulike kontrollane gjennom svangerskapet på helsenorg.no
 

Ultralyd og fosterdiagnostikk

Fosterdiagnostikk er eit gratis og frivillig tilbod til alle gravid frå 2022.

For innbygjarar i Tysnes kommune vert rutineultralyd og fosterdignostikk utført på Stord sjukehus, etter henvisning frå jordmor.

 

Opningstid

Opningstid: måndag - fredag 08.00 - 15.00

 

Kontakt

Kristine Bjelland
Jordmor
Telefon: 909 47 711
E-post: kristine.bjelland@tysnes.kommune.no

Telefon helsestasjonen: 53 43 70 86

Me har som mål å kunne tilby gravide time innan ei veke etter fyrste kontakt.

 

Prevensjon

Jordmor kan gje råd og rettleiing om prevensjon.