Årbakka gamle handelstad

Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland

Forslag til fellesrapport vert med dette sendt ut på offentleg høyring med med frist til 1. oktober til å koma med merknader. 

Planarbeidet vert gjennomført på kommuneplannivå som kommunedelplan etter kapittel 11 i Plan- og bygningslova, og omfattar i hovudsak 100-metersbeltet langs sjøen og 50m ut i sjø frå strandlina.

Kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes og Fusa er med i plansamarbeidet. Fullstendig kunngjering er lagt ut på internettsidene til Samarbeidsrådet http://www.samarbeidsraadet-sunnhordland.no/prosjekt/strandsoneprosjekt og deltakande kommunar.

Den interkommunale strandsoneplanen er samansett av ein fellesdel  og kommunedelplanar for kvar kommune. Det er fellesdelen som no vert lagt ut på høyring. Fellesdelen inneheld målsettingar, registreringar m.m. og utkast til mal for felles føresegner som kommunane skal leggja til grunn ved utarbeiding av seinare kommunedelplanar/kommuneplanar.

Du kan få nærare opplysningar ved å venda deg til Samarbeidsrådet tlf.  53 45 67 90 eller deltakande kommunar. Merknader vert å senda til Samarbeidsrådet i Sunnhordland, postboks 444, 5403 Stord, eller pr e-post til firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no .