Bjørnefjorden landbrukskontor

Inspirasjonsmøte om eigarskifte og nysatsing i landbruket

Bjørnefjorden landbrukskontor inviterer til inspirasjonsmøte på Skjelbreid Poirée 18. mars. På dagsorden står 1. Generasjonsskifte og det å ta over ein gard, 2. Ny drift og oppgradering og 3. Tilleggsnæringar. Påmeldingsfrist 10. mars.

Innleiarane kjem frå Fylkesmannen si landbruksavdeling, Innovasjon Noreg og Landbruksrådgivinga. I tillegg deler lokale bønder sine erfaringar frå dei ulike tema. Sjå fullt program!

Påmelding

Landbrukskontoret melder at det er begrensa med plassar, så her gjeld ”førstemann til mølla”.

Påmelding til Bjørnefjorden landbrukskontor

  • tlf 56 58 01 00
  • e-post: oystein.svalheim@fusa.kommune.no

Gje opp namn, firmanamn, adr., mobilnr., e-post og kva du vil delta på. Sjå programmet for utfyllande informasjon.

Påmeldinga er bindande.
Påmeldingsfrist: 10. mars.