Innkjøp

Tysnes kommune deltek i ei innkjøpsordning saman med Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Stord -  Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum.

Kommunane har i samarbeidet ein felles innkjøpssjef som er lokalisert på Stord. Innkjøpssjefen si hovudoppgåve er å utarbeida felles rammeavtalar for kjøp av ulike varer og tenester der det er lønsamt og tenleg for medlemskommunane. Du finn meir informasjon under innkjøpsportalen i lenkja til høgre.